tirsdag 1. august 2017

Irland dag 4

Fredag reiste vi opp til Belfast med toget, ei reise som tek 2 timar og 15 minutt, og som kosta 91 euro tur-retur for oss tre. Vi rusla først rundt litt i sentrum, der vi mellom anna stakk innom noko som heitte "Oh Yeah Music Centre", som var ei lita utstilling av plakatar og ting som hadde tilhøyrt nordirske rockemusikarar. Gary Moores dress med piggtrådmønster var kanskje det mest spektakulære.






Hovudføremålet med dagen var å sjå områda eg kjenner så godt frå studium, litteratur og filmar: Falls Road og Shankill Road. Berre sist skuleår brukte eg ein heil del tid på å lese og sjå dokumentarar om veggmåleria og murane - både for min eigen del og saman med elevar. Dette er verkeleg noko som interesserer meg både historisk og for framtida. Etter eit tips frå ein turistbyråmann i Dublin hadde vi derfor ikkje meldt oss på ein vanleg Black Cab-tur som køyrer turistar rundt i ein times tid, men heller ein tre timars guida spasertur gjennom områda. Vi enda opp med å bruke nesten fire timar, og det var for meg høgdepunktet med heile Irlandsturen. Eg hadde førebudd ungane godt på førehand, så eg trur dei òg fekk mykje ut av det heile.

På den katolske sida av muren hadde vi ein guide som sjølv hadde sete i fengsel i ti år på grunn av terroristiske handlingar. Han fortalde om bakgrunnen for frustrasjonen blant katolikkane, og han hevda at dei vart utestengde frå arbeidsliv og utdanning og berre ville kjempe for "equal rights", som er det same uttrykket ein bruker om dei svarte i sørstatane i USA. Han fortalde om mengder av utstasjonerte britiske soldatar som gjekk til åtak på dei fastbuande og om dødsfall som følgje av desse handlingane. Mot slutten fekk vi sjå det berømte veggmaleriet av Bobby Sands og høyre om sveltestreikane som kosta ti menneske livet, og der føremålet var å få internasjonalt fokus på urettane som skjedde i Nord-Irland. Vi gjekk dessutan forbi Bombay Street, som vart brent ned av lojalistar i 1969. Mange stader var det minnesmerke og maleri, men det var nesten uverkeleg fredeleg i området no.










Bombay Street ved fredsmuren

Porten sett frå katolsk side

Ved porten av muren like ved Bombay Street møtte vi guide nummer to. Dei to guidane veksla eit par vennlege fraser, men så rusla den første guiden attende til folket sitt, medan den nye guiden tok oss imot og begynte å vise oss muren frå den andre sida. Han begynte med å snakke om kor meiningslaust det var å ha ein mur, men at folk på begge sider enno ønskjer å ha den. Portane vert stengde med sirener kvar kveld klokka sju, for så å vere stengde i 12 timar. Dette gir menneske på begge sider tryggleik nok til å sove om natta. Guiden fortalde vidare om korleis det hadde blitt kasta bomber over murane slik at dei måtte byggast høgare, og at katolikkar og protestantar enno lever totalt segregert frå kvarandre med eigne skular, butikkar, pubar og liknande.

Tanken som slo meg då vi vandra gjennom bustadområda på denne sida av muren, var at det verka så fredeleg og idyllisk. Husa var ikkje så mykje flottare enn på den katolske sida, og eg hadde trudd at den økonomiske skilnaden ville framstå mykje tydelegare. Den største skilnaden var bruken av flagg, spesielt då vi kom til Shankill Road. Der fanst det òg veggmaleri av væpna lojalistar, og minnesmerke over døde i første verdskrig og bilete av dronninga. I ein minnelund stogga vi og fekk høyre bakgrunnen til denne guiden. Han hadde som ung vore rekutt til ein lojalistisk terrororganisasjon, men kom seg ut av det då to kompisar drap to katolikkar og vart fengsla for livet. Guiden verva seg då i hæren og kom attende til Belfast som soldat. Der hadde han blant anna vore vitne til bombinga av ein fiskebutikk i Shankill Road i 1993, der ti menneske miste livet. Like ved låg ein pub som vart bomba i 1975 (The Bayardo Bar attack).

Vi fekk ei grundig innføring i fredsavtalen frå 1998, og den andre guiden snakka mykje om kva som må til for å få fred. Ein stor kamel å svelgje for alle er at dømde mordarar har fått gå fri, noko den andre guiden sa var ein opprinneleg hemmeleg avtale mellom Gerry Adams og Tony Blair.






















Det er heilt ufatteleg for oss utanfor å tenkje at det skal vere så store motsetnader mellom menneskegrupper som ser så like ut, og som snakkar det same språket. Kulturen er likevel så ulik, og så mykje gamalt hat ligg bak, så ein kan ikkje utan vidare rive ein mur. Begge guidane kom òg inn på kva verknader Brexit kan få, og den katolske guiden fortalde at 500 000 nord-irar har søkt om irsk pass (av 1 800 000). Ingen i Irland ønskjer nye passkontrollar og tollgrenser mellom dei to delane av øya, og dei snakka alle varmt om kor fint det er å kunne reise med tog og buss mellom delane utan problem, noko som var utenkjeleg for få år sidan. Viss EU-grensa kjem midt på øya, kan det bli rimeleg spesielt.

Som de forstår, var dette ein rundtur som gjorde ufatteleg sterkt inntrykk på meg, og det blir eit minne for livet.




2 kommentarer:

  1. Dette er tema i engelskboka vår og! Det vert mykje meir interessant når ein har vore der. Vi tok turistbuss med guide.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg lærte mykje, og fekk mykje oppdatering på ting eg har lært om for mange år sidan. Ved skulestart skal eg på kurs om Brexit, det er ei ny sak som kan få konflikten til å blomstre opp att.

      Slett