tirsdag 1. august 2017

Irland dag 5

Laurdag morgon tok vi det litt roleg, for vi ville ikkje stresse siste dagen i Dublin. Likevel enda vi opp med mange ulike opplevingar denne dagen òg.

Først på programmet stod St Patrick's Cathedral, som vart bygd på slutten av 1100-talet. Den er sjølvsagt flott å sjå på, men i tillegg var der interessante ting som til dømes grava og den sjølvskrivne gravskrifta til Jonathan Swift. Der fanst òg ein del valmuekransar til minne om soldatar som har falle i krig, og ein moderne treskulptur som ein kunne henge opp lappar med namn på, til minne om kjenningar eller slekt som har falle i krig. Veslejenta skreiv på grandonkelen sitt namn, sidan han er den som vi heilt sikkert veit fall i krig i slekta vår. Der fanst elles utstilt ei dør som nokon hogg eit hol i ein gong for å ta fienden i handa og skape ein fredsavtale.









Vi hadde rusla eit stykke for å kome til katedralen, og neste post på programmet låg eit stykke unna. Vi vart derfor freista undervegs til å ta ein tur med hest og vogn. Det vart ei triveleg oppleving, ikkje minst fordi vognføraren meir enn gjerne fortalde oss om den irske veremåten, økonomi og liknande. Eg kommenterte til han at eg ikkje hadde sett sportsbilar eller dyre bilar generelt i byen, og at eg synest folka der verkar så avslappa og lite jålete. Det meinte han eg hadde rett i - den einaste som hadde veldig stilig bil, var borgarmeistaren.

Hesten heitte Molly

Deretter vart det besøk på nasjonalmuseet, der vi mellom anna såg ein del av ein myrmann frå 400 før Kristus. Ein hadde funne ut at brystvortene hans var avskorne. Det var eit teikn på underkastelse å suge på brystvortene til kongen, og ved å skjere av brystvortene på ein mann gjorde ein han ueigna til konge. Der var mykje anna spennande òg, mellom anna ein lang båt  hogd ut av ein stokk, diverse mumiar og gullsmykke.




Lunsjen tok vi på ein italiensk restaurant - for ein gongs skuld noko anna enn burger. Planen var eigentleg å ete Irish stew, men det hadde vi eigentleg aldri lyst på.


Voksmuseet og Leprechaunmuseet tok vi som avslutning på dagen - det var berre morosamt og hyggeleg. Voksmuseet hadde blant anna ei horror-avdeling, medan Leprechaunmuseet fokuserte på irsk forteljekunst og folketru.

Mine irske heltar "Jedward"




Voksmuseet hadde ei eiga historisk avdeling, og igjen fekk vi sjå "the Famine"










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar