onsdag 2. august 2017

Dag 7: heimreise

Måndag morgon tok vi oss ein sakte frukost før vi pakka saman og reiste ut mot flyplassen i 11-tida. Det var akkurat passeleg med tid til å kome seg dit, sjekke inn og handle på taxfree. Stemninga var roleg på flyplassen, sjølv om den verka slitt og lite moderne.

Flyturen vart ein halv time forseinka, men det gjorde ingenting for oss. Fleire ombord stressa med at dei skulle vidare, men vi skulle vente i 6 - 7 timar før nattbussen gjekk heim. Desse timane brukte vi til å ete pizza på Peppes og kose oss med internett (kjekt med smarttelefon!).

Bussturen heim vart ikkje så fredeleg, så det vart lite søvn. I bloggande stund har vi hatt ein roleg dag med litt småsoving innimellom, ein handletur til Eid og fisk til middag (etter tallause besøk på Burger King gjorde det veldig godt).

Det har vore ein del arbeid å gå gjennom bileta og blogge om opplevingane våre, men dt er også utruleg kjekt å sjå attende på ein så vellukka og kjekk tur. Ungane har vore eit fantastisk reisefølgje, og det har vore svært lite krangel og misnøye. Det har rett og slett vore så kjekt at vi allereie har lyst attende...

4 kommentarer:

  1. TUSEN takk for resymé av turen! Dette må vere maks utnytting av ei ferieveke. Kunne tenkt meg ein tur til Dei britiske øyane med deg som reiseleiar! Eg har vore i Dublin på kortur og sunge i ei av desse kyrkjene, men hugsar ikkje no kva for ei. Eg minnest sauekjøtlukt frå alle etestadar, og at det var umogeleg å få Molly for seg sjølv på eit bilete... likevel har eg veldig lyst tilbake. Belfast måtte vere spesielt! Kjekke ungar, forresten🤗

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for tilbakemelding! Ungane oppførte seg eksemplarisk, men så kjenner dei no mora si frå før. Med lang lærarferie har eg ikkje behov for å slappe av når eg reiser på ferie, men vil utnytte tida godt så ein får med litt av kvart. Neste gong eg reiser, for det blir truleg ein neste gong, vil eg sjå meir av naturen og småbyane på vestkysten (Atlanterhavsvegen). Når det gjeld kyrkjer, vart Händels "Messias" urframført av eit kor beståande av kora frå dei to kyrkjene vi besøkte.

      Slett
  2. Eg vil anbefale ein irsk materie som har gått på nrk i sommar, dei fleste programma kan ein framleis sjå på nett. Nydeleg natur mm.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det skal eg sjekke ut. Elles finst det mange bøker og filmar som eg/vi skal kose meg/oss med utover hausten. Veslejenta sa det så fint: "Eg har fått meg eit nytt favorittland". Ho har mellom anna blitt svært glad i irsk musikk, og eg har eit ønske om at ho skal øve inn ein song. Vi får sjå kva det blir til.

      Slett