torsdag 3. august 2017

Hagedag

Når ein har vore vekkreist ei veke, og det har regna både før og etter den tid, tek ugras og gras seg til rette og veks ut over alle proporsjonar. Når det i dag var meldt opplett, var det derfor tvingande nødvendig å gjere ein innsats i hagen. Avtalen som var inngått med ungane i går, var at ein av dei skulle klippe plen, ein skulle klippe kantar og så skulle eg konsentrere meg om beda. For å seie det slik: beda vart luka. Eg hadde dessutan liggande eit par sekkar mold som eg supplerte med i det største bedet, og så hadde eg på rosegjødsel. I bloggande stund truar eg med både det eine og hitt for å få ein av ungane til å klippe plen - den andre har eg gitt opp å få i arbeid. Straffa blir at eg ikkje gidd å lage middag heller, så får dei berre ha det så godt.
Før

Etter (dette bedet tok tre timar)

3 kommentarer:

  1. Beda er i alle fall fine. Eg har stort sett gitt opp å ha bed, men plenane klipper eg.

    SvarSlett
  2. Fine bed - og det får ein ikkje utan arbeid!

    SvarSlett
  3. Når det berre er ein finevêrsdag i løpet av all overskodeleg framtid, er det eit trasig val å måtte velje mellom solseng, fjelltur og hagearbeid. Det hadde vore godt med eit par solskinsdagar til no på tampen av ferien.

    SvarSlett