fredag 22. mars 2013

Eldstejenta 20 år 23. mars!

Det er no 20 år sidan Eldstejenta mi kom til verda, 16 dagar på overtid, etter ein lang og lite dramatisk fødsel. Det var diverse kurar og kjerringråd inne i biletet før fødselen endeleg kom igang, men etter 30 timar kom ho endeleg ut. Min kommentar var: "ei lita pie - det va det ho mamma sa, det!" - dette vart festa til film. Dei tretti vonde timane var gløymde tvert.

Ingen kjærleik kan måle seg med morskjærleiken; den er altoppslukande, altoppofrande og kan ikkje truast av ytre faktorar. Eg er sjølvsagt like glad i alle mine søte små, for kjærleiken vert berre større for kvart barn, slik at dei tidlegare borna ikkje har mist noko når nye kom til. Likevel skal det seiast at den største opplevinga var å føde Eldstejenta, sidan ho var den som gjorde meg til mor. Eg hadde kjent meg som mor i månadsvis, men først den 23. mars 1993 vart det offisielt. Då fekk eg sjå den vesle babyen, og resten av verda fekk òg bli kjende med henne.


Etter årevis med blogging kjenner lesarane Eldstejenta godt, og eg skal derfor ikkje mimre så mykje her og no. Fokuset skal vere på mi kjære vesle jente som eg er så uendeleg glad i, og som skal feire 20-årsdagen sin i Singapore saman med venninna. Søskena og eg sender mange gode tankar og ønskjer henne ein strålande bursdag!

torsdag 21. mars 2013

Av barn og fulle folk

Å ha ein ungeflokk i hus, medfører mange morosame stunder. Her er eit lite knippe frå dei siste dagane:

"Mamma, sånn berre for å oppmuntre mej litt, kankje du sei på første april at ej ikkje skal til tannlegen tredje april likevel?"

 "Dei mummitroll-episodane der Hufsa e med burde ha hatt 18-års aldersgrense"

Sms frå Storegut seint tysdag kveld:
"Ej fe sitte på med J heim, so du kan berre bjønde å drikke dej drita no"

Og dagens Minstemann, til si forkjøla mor:
"Mamma, du ligna på han der Gollum i Ringenes Herre. Jaffal når du nyse"

Førre torsdag vart det gjort narr av barnekommentarar på facebook i programmet "Torsdag kveld fra Nydalen", eitt av yndlingsprogramma mine. Eg følte meg litt truffen, men kjem truleg til å halde fram med å dele dei gode kommentarane. For ordens skuld legg eg til at eg spør dei to mellomste om det er ok. Dersom dei hadde sagt nei, ville eg ha utelate kommentarane deira. Det same gjeld sjølvsagt bilete av borna.

Illustrasjonen er eit bilete av Gollum, ikkje ein av ungane. Eller meg, trass i at eg er svært forkjøla.

tirsdag 19. mars 2013

Bok 19 2013: "Jeg nekter" av Per Petterson

To menn i femtiåra møtest tilfeldigvis på ei bru. Det viser seg at dei har vore kompisar, men at dei ikkje har sett kvarandre på meir enn tretti år. Den eine er shabby kledd, medan den andre kjem køyrande i Mercedes, og han kommenterer at ting er blitt akkurat omvendt.

Pettersons bok fortel om bakgrunnen og oppveksten til desse gutane. Mykje av det er sårt og vondt, men forfattaren skriv i den vanlege, litt kvardagslege, stilen som han er så kjend for. Boka får såleis eit vemodig og melankolsk drag, heller enn djup tragedie. Hovudpoenget, slik eg ser det, er at livet ikkje blir slik ein forventar.

Når eg les Pettersons bøker som lydbøker, endar eg som regel opp med å høyre om att den siste cd-en, eller leite rundt i coveret for å sjå om der er ein cd til. Det kjennest nemleg som om eg har gått glipp av eit sluttpoeng eller ei oppklaring. Bøkene er skrivne med ein slags open slutt, og eg blir derfor litt skuffa når dei er slutt. Dette har med mine forventningar som lesar å gjere, ikkje med kvaliteten på bøkene til petterson, for han er verkeleg ein stor forfattar.

Artikkel om boka her

Lyrikk i læreplanen

Den eine norskklassen min fekk for ei veke sidan ei innføring i kva lyrikk er for noko. Dei verka mildt sagt lite interesserte, og eg tenkte derfor at eg skulle sleppe dei litt lause i den vidare gjennomgangen av stoffet. Som lekse til i dag hadde dei førebudd seg ved å finne fram ein norsk songtekst som dei synte, las opp eller fortalde om teksten til. Deretter spelte vi musikken og såg musikkvideoar.

Akkurat denne klassen er litt spesiell i og med at vi har heile seks nasjonalitetar i tillegg til dei etnisk norske, og derfor var det ekstra spennande å sjå kva norsk musikk som fall i smak hos dei som ikkje har vakse opp med norsk kultur rundt seg før i seinare år.

Her er songar som vart valde:
"Forelska i lærern" (The Kids)
"Bestevenn" (Odd Nordstoga)
"Halleluja" (parodivarianten med Hallelujakameratene)
"Hvem er han" (Keem One)
"Æ har itj sagt" (DDE)
"Adjø" (Jahn Teigen og Anita Skorgan)
"God morgen Norge" (Vinnies variant)
"Kjører på" (Madcon og Timbuktu)

DDE-songen var veldig populær blant alle elevane, og eg ser at teksten er lett å tolke. Ein får til dømes flotte døme på bibelske allusjonar. Hadde eg vore litt meir kritisk, kunne eg òg ha hevda at den er eit godt døme på klisjéar, men elevane har ikkje høyrt nok til å forstå kva ein klisjé er.

Vanlegvis er eg ingen stor fan av DDE, men denne var ikkje så verst.

søndag 17. mars 2013

"Ukens kaktus"

I følgje Storegut har vi aldri hatt kaktusar i heimen, men desse tre var berre for flotte til å gå forbi!

Søndagstur til "Langedalsbroe" i Bjørkedalen





I dag vart det ein lang og litt tung tur til fots i snø som gradvis vart djupare og mjukare etter kvart som vi kom nærare toppen. Eg synest dei gamle steinbruene på "Brekka" (eller "Vasslia"?) er så fine, men i dag vart det snudd ved den første, ved skiltet "Langedalsbroe". Då var eg så varm at eg måtte lage englar i snøen berre for å kjøle meg ned litt.

lørdag 16. mars 2013

Vinklubb hos meg 15. mars





Fredag kveld kom ti kjekke, blide bygdedamer på besøk for å ete ost og kjeks og drikke vin til. Vi testa ut to sortar Amaronevin og ein kartongvin som er produsert på same måte, av tørka druer.

Takk for ein triveleg kveld, damer!

fredag 15. mars 2013

Bok 18 2013: "I stormen" av Olav Duun

Med denne romanen vert serien om Juvikfolket avslutta. Etter å ha lese alle seks bøkene må eg seie at eg likte best dei tre siste, dei som handlar om Odin. I den siste boka skjer det mykje dramatisk, utan at eg skal røpe for mykje om det. Spenninga når høgdepunktet på ei sjøreise i storm, slik som i ei av dei andre bøkene ("Storbrylloppet"), og det vert antyda at det som skjer vil få følgjer for framtida. Også i denne boka er tematikken ei bryting mellom det som har vore og den nye tida, noko som det òg vert harselert med (som når ein av karakterane tenkjer "ei ny tid no igjen?").

Nytt i denne boka i høve til dei andre i serien, er kampen mellom bonde og arbeidar. Vi får òg høyre om spanskesjuka, vekkingsmøte og verdskrig, og romanen er tidstypisk også i det at den stiller eksistensielle spørsmål og er prega av eit etisk alvor.

Duun fekk aldri Nobelprisen i litteratur, men i 1925 var han berre ei stemme ifrå å få den. Det var to år etter at serien om Juvikfolket var avslutta.

torsdag 14. mars 2013

Meanwhile, in Phuket


Eldstejenta og venninna har brukt nokre dagar til avslapping, bading, soling og eigenpleie. Dette har medført at Eldstejenta no, etter å ha levd eit døgn med knallgult hår, har fått attende sin opprinnelege hårfarge. Det synest resten av familien er den fargen ho kler best!

I dag har dei vore på utflukt til James Bond island.

Maurtua - ein bibliotekblogg på jobb

Det er fleire år sidan eg begynte å leike med idéen om ein bokblogg på jobb, og no er tanken blitt realisert. Eg vart ikkje sentral i den prosessen, dessverre, men håpar på å kunne bruke bloggen aktivt til eigne elevar i framtida.

Namnet "Maurtua" er eit velkjent omgrep i Volda, då det er kallenamnet på "gamlegymnaset", ein bygning det har vore mykje diskusjon om kva den skal brukast til. Ordet gir assosiasjonar til eit myldrande liv, og det vil vi gjerne ha på biblioteket vårt.

I dag vart bokbloggen høgtideleg opna, i høve avslutting av leseprosjektet på skulen.

Her kan du sjå bloggen "Maurtua"

onsdag 13. mars 2013

Morgontur i Mjeltvika


Som start på fridagen gjekk eg ein lang tur med hunden Lukas. Planen var å gå rundt Kilspollen, men det vart for mykje nysnø etter Mjeltvika. Vi gjekk derfor ein tur innover bygda. Vi såg spor etter både hund, rev og hjort, så det vart dein spennande tur for min firbeinte turkamerat. Etter turen sette eg meg til med skulearbeid, men det er vanskeleg å konsentrere seg når sola skin så vakkert ute.

Bok 17 2013: "I ungdommen" av Olav Duun

I det femte bandet i serien om Juvikfolket handlar det mest om Odin, som vi vart kjende med i det fjerde bandet. Han er glad i Astri Håberg, som er søskenbarnet hans, og forholdet mellom dei står sentralt i boka. Samtidig held serien fram med å ta føre seg samfunnsendringar, som til dømes at Odin vil bruke arven sin frå mormora til å starte ein gamleheim.

Odin er ein velkjend figur i norsk litteraturhistorie, og eg synest desse to siste bøkene har vore meir interessante enn dei første tre. Eg avventar den endelege domen til eg har lese det sjette bandet òg.

tirsdag 12. mars 2013

Ny hundevenn




Min nye, blonde turkamerat er salukien Lukas. Ein kollega skal på fylkesmesse, og då melde eg meg som hundepassar. Det er mykje kjekkare å gå på tur når ein har med ein hund, og vi har gått i to timar - mykje fordi Lukas nekta å snu. Vel heime somna han som ein stein, heilt til katten LOL(a) brått stod utanfor og mjaua.

søndag 10. mars 2013

Vassenden, Olavskjelda og Kilskrossen

Sidan Storegut overnatta hos ein kompis på Bjørkedalen i natt, var det berre dei to yngste og eg som la ut på tur i dag. Først parkerte vi på rasteplassen der ein går innover mot Kilskrossen, deretter gjekk vi over brua og opp ein skogsveg til høgre. Den er merka "Vassenden" og fører fram til eit par hytter ved Bjørkedalsvatnet. Vi hadde aldri vore der før, og det er alltid spennande med nye stader.










Etterpå gjekk vi inn til Kilskrossen. På vegen dit stogga vi ved Olavskjelda, der isen låg tjukk på vatnet og innbaud til steinkasting og steincurling.

Det er mogleg å kose seg utan ski, men eg lengtar etter å kunne legge av garde i snø og sol.

lørdag 9. mars 2013

Bok 16 2013: "I eventyret" av Olav Duun

I denne boka i serien om Juvikfolket vert vi kjende med Odin. Han vert fødd utanfor ekteskap, og mora sender han frå seg når han vert sju år for at han skal arbeide som gjetar. Vi vert kjende både med fosterforeldra, den biologiske faren, mora og stefaren, og Odin slit med å finne sin rette plass i samfunnet blant alle desse vaksne. Mot slutten av boka er han ung vaksen, og eg reknar med vi skal følgje han vidare i neste bok.

Av dei bøkene eg har lese til no i serien, er dette den beste. Odin er ein gut det er lett å kjenne sympati for, og han vert utsett for mykje hjarteskjerande trist fordi han er fødd utanfor ekteskap.

Lang laurdag

Laurdagen starta uforskamma tidleg, for Storegut skulle stille på fotballkamp klokka 9.45 i Volda. Det var minus seks grader då vi køyrde heimanfrå, så vi kledde oss godt for å halde ut eit par timar på tribunen. Bortelaget var Hødd, og dei vann 8 - 0 over Voldalaget.

Då kampen var slutt, skunda vi oss heim for å få mat og varme i kroppen. Minstemann og eg gjekk oss dessutan ein tur ut, og då møtte han på naboguten og eg gjekk tur saman med nabodama. Vi enda opp med ein liten kaffivisitt med kakerestar frå selskapet hans i går kveld, og så vart naboguten med oss heim.


Vi satsar på ein roleg kveld, etter det som har vore ein lang dag. Litt rydding og denslags blir det kanskje tid til, elles skal vi kose oss og nyte frikvelden.

fredag 8. mars 2013

Lommerosk på rockeskule

Her er ei lenkje til eit mediaoppslag om bandet Lommerosk. Dei går på rockeskule på Nordfjordeid kvar onsdag.

onsdag 6. mars 2013

Bok 15 2013: "Storbrylloppet" av Olav Duun

I denne tredje boka i serien om "Juvikfolket" er det nedgangstider, og mykje er i endring. Fleire snakkar om å reise til Amerika. Sentralt i boka står systrene Åsel og Gjartru, som representerer to ulike syn på det nye. Kivinga mellom dei toppar seg i den doble bryllaupsfeiringa til borna deira.

I denne boka ser ein kva prosjektet til Duun eigentleg er. Han vil skildre eit jordbrukssamfunn i endring, noko som var svært populært å skrive om i den tida dei seks bøkene om "Juvikfolket" vart skrivne.


Roleg fri-onsdag

Etter ein sein frukost gjekk dei to små og eg inn i Mjeltvika og snudde. Vi rusla sakte og snakka om laust og fast slik vi plar gjere, for vi visste vi ville få nok mosjon seinare på dag. Religion og hunderasar var dei mest sentrale temaa på dagens tur.

Ungane gjorde unna leksene medan eg laga middag. På menyen stod steikt fiskepudding, for det er ikkje den bortreiste Eldstejenta så begeistra for. Storegut fekk servert middag med det same han kom frå skulen, og ein knapp time seinare sat han på bussen til Eid for å gå på rockeskule.

Vi hine heldt fram med skulearbeid og rolege inne-aktivitetar til det var på tide å fare på trening. Dei to yngste går på fotballtrening saman om onsdagane, og etter ein times trening får ungane bruke svømmebassenget i ein time. I mellomtida gjekk eg meg ein lang tur, mellom anna ut på Krumsvikneset. Vel heime kosar vi oss med kveldsmat og film saman med den heimvende rockaren.


Eg føler meg privilegert som har høve til å stoppe opp midt i veka og kose meg saman med ungane, lage middag og følgje opp leksene skikkeleg.

Meanwhile, in Bangkok...

Eldstejenta og venninna er trygt framme på første turmål, som er Bangkok. Dei har allereie sett og opplevd mykje, og dei har lagt ut mange bilete på facebook.

mandag 4. mars 2013

Ungdomsopprør anno 2013

Minstemann har hatt mange spesielle fasar, og han er kjend for god fantasi med tilhøyrande antrekk. Kven kan gløyme cowboyhattane hans, til dømes?

Den siste idéen er at han vil gå med skjorte og slips. I kvardagen.

I kveld fann han ut at han skulle prøve brillene mine, og då vart han så nøgd med sin nye "look" at han måtte få posere og bli fotografert. Kommentaren frå han sjølv då han såg biletet:

"Det einaste ej mangla no, e tversoversløyfe"

Min beibi dro avsted

I dag for Eldstejenta og venninna på tur. Første stopp er Oslo, deretter flyg dei til Bangkok, der dei skal vere nokre dagar. Vidare reiserute er Phuket, Singapore, Cape Town, Peru, Brasil og nokre stopp i USA. Dei skal kome heim 15. mai.

Det er ikkje lett å vere mor i slike stunder, for ein unner ungen sin alt godt, samtidig som ein er frykteleg redd og engsteleg for alt som kan skje. Sjølv hadde eg aldri orka å reise jorda rundt med alt mitt pikkpakk i ein ryggsekk, verken då eg var 20 eller no, men eg ser at det er ein unik måte å reise og oppleve på.

Eg ønskjer dei to tuppene lukke til på ferda, og må innrømme at eg gledar meg mest til dei er trygt heime att med ryggsekken full av minne og skitne klede.

søndag 3. mars 2013

Bibel og ballj

I dag var det gudsteneste i kyrkja like ved, og Minstemann skulle få utdelt Bibel saman med resten av dei som blir 10 år i 2013. Med Svein Prest og organisten "Bollis" blir gudstenestene både underhaldande og minneverdige, og i dag kom det i tillegg eit barnekor frå Bjørkedalen.

Etter gudstenesta gjekk eg meg ein lang tur etter vegane, og så var det på tide å begynne på husarbeidet. Barnefaren og ungane kom til duk og dekka bord, og eg hadde laga store mengder "ballj" (raspeball) med mykje godt tilbehør. Eldstejenta skulle nemleg få skikkeleg norsk mat som siste måltid heime. Dei mest observante av dykk kan sjå at eg pynta med 17. mai-serviettar med sommarblomar og norske flagg som motiv.

Bok 14 2013: "I blinda" av Olav Duun

Livet går vidare for Juvikslekta i denne andre romanen i serien. Mest sentral er Anders, som etter beste evne prøver å gjere gode ting for seg og sine. Likevel grip lagnaden inn, i tillegg til at det finst vonde og destruktive krefter, så alt blir ikkje rosenraudt heller. Vi får innsyn i kvardag og slit, folkesnakk og overtru.

Tittelen har dobbel tyding. Reint konkret blir Anders svaksynt og etter kvart blind, men i overført tyding viser tittelen til at menneske lever liva sine utan å sjå klårt. Typisk nok innser Anders ein heil del etter at han vert blind.

Boka inneheld mykje drama når det gjeld dødsfall, organisering av ekteskap og liknande, så det er langt frå kjedeleg. Eg slit framleis litt med å halde personane frå kvarandre, då der ofte er to personar med same namn.


Lommerosk vidare frå UKM

Gleda er stor, for bandet der Storegut syng har gått vidare til fylkesmønstringa i UKM i år òg. Vi er mange som heiar på dei, både fordi dei er flinke, og fordi dei er ein herleg gjeng med kjekke gutar.

Gamla gratulerer!

lørdag 2. mars 2013

Victoria på kino

Den vesle romanen til Hamsun har gjort inntrykk på mange, og den nye filmatiseringa vert truleg ein filmklassikar som vi vil glede elevane med i mange år framover. Filmen har nydelege bilete og dyktige skodespelarar, og den er rørande på ein akkurat passeleg sentimental måte etter min smak. Ein treng ikkje å ha lese boka eller kjenne særleg til Hamsun for å ha glede av filmen, men det skadar heller ikkje. Denne bør de få med dykk!

UKM i Volda 2013

Laurdag var det endeleg tid for UKM i Volda, etter at nabokommunane for lengst har avvikla sine tevlingar. Frå bygda deltok fleire dansarar, vokalisten Jeki og rockebandet Lommerosk, der Storegut er vokalist. Det var mange talentfulle ungdomar med, og våre lokale stjerner var absolutt blant dei som bør ha sjanse til å kome vidare til fylkesmønstringa.

Gammalt vennskap rustar ikkje

Fredag kveld var eg invitert til ei venninne som eg har gått 11 år i klasse saman med, mellom anna. To andre damer var òg inviterte, og praten gjekk lett og latteren sat svært laust. Vi fekk servert nydeleg mat; ost, kjeks og vin, og vi heldt det gåande langt ut i dei små timane. Ein utruleg koseleg kveld!