mandag 4. mars 2013

Min beibi dro avsted

I dag for Eldstejenta og venninna på tur. Første stopp er Oslo, deretter flyg dei til Bangkok, der dei skal vere nokre dagar. Vidare reiserute er Phuket, Singapore, Cape Town, Peru, Brasil og nokre stopp i USA. Dei skal kome heim 15. mai.

Det er ikkje lett å vere mor i slike stunder, for ein unner ungen sin alt godt, samtidig som ein er frykteleg redd og engsteleg for alt som kan skje. Sjølv hadde eg aldri orka å reise jorda rundt med alt mitt pikkpakk i ein ryggsekk, verken då eg var 20 eller no, men eg ser at det er ein unik måte å reise og oppleve på.

Eg ønskjer dei to tuppene lukke til på ferda, og må innrømme at eg gledar meg mest til dei er trygt heime att med ryggsekken full av minne og skitne klede.

2 kommentarer:

  1. Kan godt forstå at du strir med kjenslene ei slik stund! Lukke til med turen!

    SvarSlett
  2. Tusen takk. Eg trur dei fleste mødrer kan forstå kjenslene eg slit med no.

    SvarSlett