lørdag 2. mars 2013

Victoria på kino

Den vesle romanen til Hamsun har gjort inntrykk på mange, og den nye filmatiseringa vert truleg ein filmklassikar som vi vil glede elevane med i mange år framover. Filmen har nydelege bilete og dyktige skodespelarar, og den er rørande på ein akkurat passeleg sentimental måte etter min smak. Ein treng ikkje å ha lese boka eller kjenne særleg til Hamsun for å ha glede av filmen, men det skadar heller ikkje. Denne bør de få med dykk!

1 kommentar:

  1. Eg har tenkt å sjå den på Dagkino komande onsdag klokka 13.
    Hugsar at eg tykte at boka var rimelig romantisk og sentimental.

    SvarSlett