tirsdag 22. juli 2014

Bading på Botnasanden

Etter ei helg i storby var det godt å kunne slappe av heime i hagen, ha ei heil strand for seg sjølve og gå tur med hundane.


Femtiårsfeiring på Frogner

Sist helg var eg i Oslo for å feire ei venninne som vart 50 år. Vi starta med sprudlevatn på takterassen, heldt fram med talar, middagsservering og gåver på fredag ettermiddag/kveld. Laurdag tok damene med seg ein enorm kjølebag til Gressholmen, der vi hadde piknik. Feiringa heldt fram attende i byen etterpå, og vi fekk servert meir nydeleg mat og drikke. Vi var fem damer som heldt saman gjennom heile feiringa, og eg kjende berre jubilanten frå før. Etter å ha blitt kjend med dei andre, kjenner eg meg som eit rikare menneske. Det var høgst oppegåande og underhaldande damer med sans for den gode samtalen.





fredag 18. juli 2014

Oppdatering om Charlie

Veslejenta kom attende etter å ha vore borte frå hunden i fire dagar. Ho synest han har blitt større, og han blir stadig tøffare. Han går til angrep både på større hundar og på leiker, og det ser ut til at han må bremsast litt. Eg er mest redd for at han skal bli pysete og sky, men det verkar det ikkje som om han har anlegg for. Han går gjerne tur, men vil helst gå på heimveg, ikkje forlate heimen. Dessutan kan han snuse i det uendelege på noko han finn i vegkanten. I Mjeltvika har han faste plassar der han drikk frå bekken og gneg på lyng. Han går gjerne langt, men eg ber han over brua og når vi kryssar hovudvegen. Det hender at han blir trøytt eller somlar så mykje at eg ber han berre for å få litt mosjon, men han blir sprekare for kvar dag som går.

I dag sat Veslejenta og eg og åt, då han plutseleg stod midt på kjøkengolvet. Då hadde den vesle fyren brote seg ut av inngjerdinga si og sprunge opp trappa til andre etasje. Ei stund etter hoppa han rett opp på salongbordet i stova.

Eg har meldt han på kvelpekurs - her trengst ein del kustus.

torsdag 17. juli 2014

Bok 57 2014: "Leve posthornet" av Vigdis Hjorth

Ellinor er ei einsam kvinne i 30-åra som saknar meining i tilværet. Då ho får i oppgåve å støtte Postkoms arbeid mot innføringa av EUs tredje postdirektiv, går ho opp i denne oppgåva med mot og kampvilje.

Kva skal ein seie om ein roman som handlar mykje om EUs postdirektiv, men som òg rømer ei anna forteljing, om den single, barnlause kvinna i 30-åra? Hjorth skriv underhaldande og lettleseleg, og vrien med postdirektivet er veldig artig. Ei politisk sak vert løfta opp frå det grå og keisame byråkratiet til å verte noko rørande, viktig og meiningsfylt. Når det gjeld den single kvinna, synest eg at eg har lese tallause romanar og sett like mange filmar om akkurat henne. Eg synest ikkje forfattaren legg til noko nytt når det gjeld meininga med tilværet, bortsett frå det tidlegare nemnde postdirektivet. Trivialitetane elles var nesten klisjéar, og hovudpersonen temmeleg stereotyp.

Konklusjon? Ei absolutt lesbar bok, med ei litt original vinkling på eit oppbrukt tema.

onsdag 16. juli 2014

Hundeliv

Vêret skifta, med ausande regn og svermande knott. Det er  derfor ikkje så lett å få gjort anna fornuftlig ute enn å lufte og trene hundar, noko som tek langt meir tid enn det kan høyrast ut som. Hundekvelpar er nesten like krevjande som andre babyar. Det er mykje kos òg, for all del, og Charlie er berre heilt super på alle vis.

søndag 13. juli 2014

Bok 56 2014: "Hauk og due" av Henrik H Langeland

Då eg las "Verdensmestrene" i fjor haust, var eg ikkje særleg begeistra. Likevel plukka eg med meg framhaldsromanen "Hauk og due" frå biblioteket for ei tid sidan. Forventningane var ikkje heilt på topp, men eg vart positivt overraska. I motsetnad til den første boka, opplevde eg denne boka som heilskapleg. Sjølve starten var såpass spennande at eg vart svært interessert i å lese vidare: to gutar syklar av garde for å bade, den eine har veslesystera sitjande fastspend bak på sykkelen sin. Gutane syklar og kapp og kappast i tillegg om å kome seg først ut i vatnet, og dermed er dramaet i gang. Etter denne episoden hoppar vi framover i tid og følgjer nokre av personane i den første boka på byrjinga av 90-talet.

Eg likte boka svært godt og tykte mange av episodane var direkte morosame. Eitt av høgdepunkta er påsketuren på fjellet. Samtidig har boka eit alvorleg fundament, for å seie det slik. Tidskoloritten er artig for oss som var om lag jamgamle med personane i boka, men miljøet er sjølvsagt relativt ukjent. Eg synest også om denne at den minner om Saabye Christensen, men min konklusjon er altså at den andre boka er betre enn den første. Begge bør sjølvsagt lesast for å få samanhengen.

lørdag 12. juli 2014

Charlie i Brundalen

Minstemann hadde blitt med naboane på hytta i går og overnatta der. Mora var litt spent på korleis dette hadde gått, og eg ville derfor gå tur på setra. Ungdomane i huset hadde absolutt ikkje lyst til å vere med, så då var det frykteleg greitt å ha ein villeg hund i heimen.

No skal det seiast at eg bar han opp dei tyngste bakkane i solsteiken, og gjennom det høge graset, men han fekk vasse litt og leike på stranda før han gjekk heile vegen ned att sjølv. Det ser ut til at han har forstått kva som er "heimveg", noko som er langt å foretrekke framfor å gå på tur ut i det ukjende. Ikkje ulikt slik min første hund, Nadja, oppførte seg.

Elles har vi sola oss i hagen, ete restar og feriert. Ungane har langt kortare dagar enn mora, som gjerne har lese ei halv bok ute i sola før dei vert vekte.

fredag 11. juli 2014

Charlie på stranda

Storegut skulle i studio i dag, men resten av familien + naboguten gjekk ein tur på badestranda. Gutane nekta å bade der, men ville heller på småbåthamna. Det var sjølvsagt greitt, men Charlie fekk rusle litt rundt på stranda før vi gjekk derifrå. Eg prøvde å få tatt nokre bilete av han, og nokre av dei vart faktisk fine.



Elles har vi kosa oss med restar av selskapsmat, sola oss og slappa av. Det er ein fantastisk sommar vi har, og det gjeld å nyte dagane. Minstemann fekk vere med naboguten på overnattingstur på hytta deira, og det blir sikkert veldig kjekt.

torsdag 10. juli 2014

Familieselskap i Casa Margarita

I den sunnmørske greina av slekta er det mange bursdagar å halde greie på, og mange ungdomar som er opptekne med eitt og hitt både her og der. Gleda var derfor stor i dag då det viste seg at heile Hareidsgjengen + besteforeldra i Ørsta tok seg tid til å kome på barselvisitt/bursdagsfeiring her hos oss. Hareidsgjengen hadde med seg ei kake, noko vi nesten kan seie er ein tradisjon i familien, og den var noko meir avansert pynta enn mine pavlovakaker.

Elles vart det utveksla nokre gåver, og eg fekk ei nydeleg retro-kofte som systra mi hadde strikka. Eg vart nesten mållaus, og no ser eg nesten fram til hustrige haustdagar. Fargane og mønsteret var heilt annleis enn eg truleg ville ha sett meg ut sjølv, og nettopp derfor blir dette heilt sikkert haustens favoritt som noko sprekt og annleis enn alt det blå og svarte eg elles plar fylle skapa mine med.

Viktigast av alt: vi fekk prate hyggeleg saman slik vi gjer når vi er samla. Slike stunder set ein stadig meir pris på.






Takk til alle frammøtte!

onsdag 9. juli 2014

Bok 55 2014: "Flaskepost fra P" av Jussi Adler-Olsen

Av ein eller annan grunn har eg gått rundt og trudd at eg har lese denne boka. Ein dag sjekka eg her på bloggen, og fann då ut at eg må ha hoppa over den. Dermed hadde eg til gode å lese ein knallgod krimroman med spenning frå første til siste CD.

Handlinga tek utgangspunkt i ein flaskepost, som tittelen seier, og snart har Avdeling Q eit mysterium å løyse. Kva står på flaskeposten? Kven har sendt den, og kvifor? Ei rekkje spørsmål er knytt til dette, samtidig som vi får lære å kjenne andre historier parallelt.

Denne bør ein få med seg dersom ein likar krim!

Heitt nok

Som vanleg tenkte eg å ha ei roleg stund i sola før ungane stod opp, men i dag vart det rett og slett for heitt til å ligge i solsteiken. Derfor vart det ein handlerunde på føremiddagen, der eg handla inn diverse til familieselskap. Storegut vart med som kombinert privatsjåfør og berehjelp. Vel heime fekk vi besøk av ein annan god hjelpar, som hadde teke på seg å handle for meg. Ærendet var eit ekstra kjøleskap, som vi plasserte i kjellarbuda. Deretter vart det ein tur til småbåthamna, der gutane og hjelparen bada. Det har vore ekstremt varmt og vindstille i dag, så det har ikkje blitt servert annan mat enn is sidan frukost. 

tirsdag 8. juli 2014

Charlies første dag på Straumshamn



I dag vart det nydeleg sommarvêr. Veslejenta har hatt mykje arbeid med vesle Charlie, som fekk sove på rommet hennar første natta, i eit bur ved senga hennar. Det er kanskje ein uvane, men vi let det passere. Minstemann har vore saman med ein kompis det meste av dagen, og Storegut reiste i studio rett etter at han stod opp. Gamla sjølv har stort sett slappa av i sola, før eg i kveldinga gjekk tur saman med Charlie og Veslejenta. Vi bar han langs den traffikkerte vegen, men i Mjeltvika fekk han gå sjølv, både med og utan band. Han har elles møtt hunden Aron, men noko vennskap er det slett ikkje snakk om enno.

Hundehenting i Holmestrand

Laurdag reiste dei to yngste og eg til Gol, der vi overnatta på Pers hotell og bada i Tropicana, før vi avslutta kvelden med middagsbuffet. Om dei hadde usannsynleg god sushi der, eller om eg berre var uhorveleg svolta, veit eg ikkje, men det vart i alle fall ete ein heil del, for å seie det slik.

Søndag køyrde vidare til Kongsberg, der vi besøkte broren min, svigerinna mi og dei tre kjekke gutane deira på 4, 8 og 12 år. Dei hadde nett kome heim frå ferie i Danmark, men tok likevel imot gjester. På toppen av det heile hadde Eldstejenta avtala å kome til Kongsberg ho òg, utan at eg visste det - det vil seie: vi hadde snakka om det tidlegare, men til meg hadde ho sagt at det ikkje vart noko av.

Måndag føremiddag køyrde vi så til Holmestrand og henta Charlie hos oppdrettaren. Vi traska deretter rundt i ein park i Holmestrand for å vere meir saman med Eldstejenta før ho tok toget til Kristiansand att. Klokka var nærare 14.30 då vi reiste frå Holmestrand, og eg var sikker på at turen ville bli noko langdryg. Første timen sikla hunden fælt, men så roa han seg, og vi fekk ein fredeleg tur og var heime att 23.00. Då venta Storegut med middag, og så har vi styra mykje med hunden etterpå. Det blir truleg sein kveld før det blir stille i huset...
Pause i Lærdal

Hotellrom. Mora hamna i sovesofaen.

Ungane fekk dobbeltsenga med god utsikt til tv-en

Utsikt frå balkongen
Søskenbarntreff
Tur i parken i Holmestrand




Eldstejenta fekk treffe Charlie før ho tok toget attende til Kristiansand
Pause i Lærdal igjen


fredag 4. juli 2014

Bok 54 2014: "Sirile gentlemen søkes" av Karin Brunk Holmqvist

I denne boka møter vi eit par eldre nabokvinner som brått får melding om at husa deira skal rivast og dei må flytte derifrå. Snart bur dei på ein eldreheim, melder seg på datakurs og set inn ein kontaktannonse for å møte kvar sin kavaler.

Boka minner om dei to tidlegare bøkene eg har lese av forfattaren, men eg synest denne var betre komponert. Forteljinga kjem betre fram, sjølv om mykje av handlinga er direkte føreseieleg. Stemninga i boka er herleg avslappa og litt morbid, og ein blir glad i desse karakterane til Homqvist, ingen tvil om det.

Bok 53 2014: "Sovereign" av C.J. Sansom

Denne boka har eg brukt lang tid på å lese. Ikkje fordi den er keisam eller uinteressant, men fordi den er lang (650 sider) og er skriven på ein engelsk ispedd ein del gamaldagse uttrykk. Handlinga er til tider litt komplisert, men eg har kosa meg veldig med eitt av mine favoritt-nerdetema: det britiske kongehuset.

Handlinga er lagd til York i 1541. Henry VIII er aldrande og nygift, og han er ute på eit oppdrag for å svekkje motstandsrørsla i nord. Den pukkelrygga advokaten Matthew Shardlake er òg ute på oppdrag i York, og han møter kongen, om enn berre kortfatta. Eit mystisk mord finn stad, og snart er dramaet i full gang. Sentralt i boka står spørsmålet om kven som bør sitje på den engelske trona i notid og framtid.

Det blir ein del namn og fakta å halde greie på, så eg skulle ønske eg hadde lese boka over kortare tid. Likevel gav slutten god meining, utan lause endar, og eg ser fram til å lese fleire Sansom-bøker etter kvart.

onsdag 2. juli 2014

Bok 52 2014: "Klokkene ringer for deg" av Ernest Hemingway

I denne klassikaren er handlinga lagt til nokre få dagar under borgarkrigen i Spania. Robert Jordan er ein ung, amerikansk geriljasoldat som har fått i oppdrag å sprenge ei bru. Han får kontakt med ein bande som bur i ei hole, og her forelskar han seg i den unge jenta Maria.

Boka handlar om krig og kva den gjer med menneskesinnet, ikkje minst med omsyn til kjærleiken.

Eg likar boka ganske godt, men Hemingway har noko så maskulint over seg at det nesten verkar kvinneundertrykkjande. Når Robert kallar Maria "Lille fole", minner han ein del om Thorvald Helmer i "Et dukkehjem", og Maria er ei truskuldig og hengiven kvinne på grensa til å verke dum. Ho er rett nok svært ung, men eg reagerer på at det er dette barnlege og beundrande ved henne som gjer henne tiltrekkjande. Kjærleiken mellom desse to er meir lidenskap enn gjensidig respekt, og dei varme kjenslene vert forsterka ved at dei lever på kanten av døden. Ei sterk bok er det uansett, og eg fekk frykteleg lyst til å sjå om att den klassiske filmen frå 1943, med Gary Cooper og Ingrid Bergmann i hovudrollene.

Sandhornet/Blåfjellet 1060 moh

Sidan Minstemann skulle på besøk til ein kompis, spurte mora til kompisen om vi like godt skulle gå ein liten fjelltur ilag. Det syntest eg var ein god idé, og trua med meg flokken min på tur til det som i Dalsbygda vert kalla Sandhornet, men som på Folkestad heiter Blåfjellet. Fjell får ofte ulike namn alt etter korleis dei ser ut frå ei bygd. Det var nydeleg turvêr med overskya opphaldsvêr, vindstille og passeleg mildt etter kleda eg hadde på meg, i alle fall. Turen går litt bratt opp ei ur, men det er flott utsikt til fleire kantar når ein kjem opp.

Tusen takk for turen!







Duppeditt-generasjonen

tirsdag 1. juli 2014

Hyggeleg handlerunde


I dag tok eg med meg dei to yngste på handlerunde. Vi kjøpte hundebur, reisebur, innhegning, leiker, mat og anna som vi må ha til Charlie kjem for å bu hos oss. Vi var i tillegg innom foreldra mine og fekk vaflar og jordbær der, så middagen laut vente til etter solnedgang. Etter at vi kom heim jobba vi litt i hagen, gjekk tur og helste på den nydelege kvelpen som venninna til Veslejenta har fått seg. Det er ein aldeles nydeleg finsk lapphund. Eg håpar og trur at jentene får eit rikt hundeliv framover.