I bloggande stund er eg i sluttfasen av gigantbunken, som i alt kjem til å ta om lag 25 timar å ferdigstille. Når det er gjort, har eg 11 dagar på meg til å hamre inn pensumet mitt til eksamen.
lørdag 14. mai 2016
Innspurt
Langfri betyr for meg rettemaraton. Engelskelevane mine hadde tentamen sist måndag, og eg fekk inn 51 svar. Eigentleg hadde eg tenkt å la dei ligge til etter min eigen eksamen, men karakteroppgjeret skal vere like over helga etter eksamen, så eg begynte allereie måndag kveld. Fri-onsdagen sat eg først inne og retta, deretter låg eg ute i sola og las pensum. Etter solnedgang retta eg fleire elevsvar. Då fredagen kom, hadde eg retta 28 stk, og så vart 36 av elevane mine trekte ut til skriftleg eksamen i engelsk. Mange av dei hadde eg ikkje retta svara til enno, så no begynte det å haste. Eksamenen deira skal nemleg vere allereie den 20. mai, og dei vil gjerne ha vurdert tentamenen sin før eksamen - det er halve vitsen med tentamen at ein skal øve på eksamen.
Siste skuledag med russefeiring
Tradisjonen tru feira jobben min saman med russen siste skuledag før 17. mai med tautrekking, dans, russerulling og fotballkamp mot lærarane. I år er Storegut russ, og eg er så glad for at han har kome seg til att etter sjukdomsperioden slik han fekk vere med på feiringa. Han vart rulla fram til siger i russerullinga, og han var med og spelte fotball. Det er langt betre enn å ligge heime med feber, i alle fall.
lørdag 7. mai 2016
Kile
Som pauseinnslag i lesinga i dag gjekk Minstemann og eg tur med Charlie. Minstemann fekk bestemme turmål, og då vart det hovudvegen inn til Kile, over brua, grusvegen langs gardane og over den andre brua før vi gjekk hovudvegen heim. Heime sat Eldstejenta og las til sin eksamen. Vi ser fram til tider etter dette.
Etiketter:
Charlie,
hund,
Minstemann,
sheltie,
shetland sheepdog,
tur
fredag 6. mai 2016
Straumshamn
Etter å ha lese dagens dose med pensum, tok eg med dei tre heimebuande ungane på tur i lokalmiljøet. Først var vi oppe på gravplassen og mimra litt om dei som er borte, deretter gjekk vi over markane inn til skogsvegen og ned på Botnasanden. Det har vore ein mild dag med litt sol og mykje vind, og det er aldeles herleg å vere ute i den friske mailufta.
Etiketter:
Charlie,
Eldstejenta,
hund,
Minstemann,
sheltie,
shetland sheepdog,
tur,
Veslejenta
torsdag 5. mai 2016
Tulleplassen i Mjeltvika
Dagens turmål gjekk til Mjeltvika, forbi Tulleplassen, over raset til Kile og hovudvegen heim. Ved Tulleplassen stoppa vi og tok ein ørliten historietime. Det var veldig mildt og fint, men ein del vind.
Etiketter:
Eldstejenta,
hund,
Minstemann,
sheltie,
shetland sheepdog,
tur,
Veslejenta
onsdag 4. mai 2016
Besøk i Starevegen
I dag skulle eg eigentleg ha fri-onsdag med pensumlesing frå morgon til kveld, men så vart det behov for at eg stilte nokre timar på jobb. I tillegg vart vi inviterte på middag til besteforeldra i Ørsta, så eg fekk samla ungeflokken der i staden for heime. Storegut er frisk att, så no har han eit svare strev med å ta att prøver og russefeiring.
Vi fekk servert nydeleg lammesteik, kaker og dessert - og så fekk vi velje oss kvar sitt lestepar frå samlinga til mormor. Minstemann meiner det er mykje kjekkare og betre å spele trommer med ullsokkar enn med bomullslestar, og det trur eg på.
Vi tok oss ein handlerunde slik at vi har mat i hus når butikkane er stengde i morgon, og deretter for vi heim. Eg las nokre pensumartiklar, og no er det tid for "Purple Rain". Storegut er ute med russen, men vi hine kosar oss i sofakroken.

personleg,
sheltie,
shetland sheepdog,
Storegut,
Veslejenta
tirsdag 3. mai 2016
Eldstejenta heime igjen
Etter to harde studiedagar fekk eg i dag Eldstejenta heim på mai-besøk. Vi skal snart ha eksamen begge to, men kan setje av tid til mosjon og prat innimellom. Det har vore mykje sjukdom i familien den siste tida, og då er det ikkje lett å sitje på ein hybel mange timar unna. Vi er uansett glade for å ha henne her igjen.
Etiketter:
Charlie,
Eldstejenta,
hund,
personleg,
sheltie,
shetland sheepdog
søndag 1. mai 2016
Bok 31 2016: "Den statiske mannen" av Klaus Hagerup
Victor Abel lever eit stille og hendingslaust liv. Han er einsleg, og han arbeider som konsulent i teknisk etat i Fredrikstad. Ein dag ser han ei levande statue på gata, og han bestemmer seg for å reise rundt og stå urørleg han òg. Slik skal han bli synleg, i ein alder av nesten 60 år.
Eg har ikkje lese anna enn utdrag frå ungdomsbøker av denne forfattaren, men dette var ei bok eg likte godt. Den har enkel symbolikk og er på ingen måte noko komplisert, men den er likevel filosofisk og stiller ein del eksistensielle spørsmål.
Då eg skulle sjekke kva dyktig skodespelar som las lydboka, viste det seg å vere forfattaren sjølv som las. Det var ekstra kjekt å sjå, for den var uvanleg godt innlesen. Dette var i det heile ei bok eg likte godt, og som eg derfor skal levere vidare til mi leseglade mor. Så får vi sjå om ho likar den.

1. mai 2016
I år fall 1. mai på ein søndag, og her i bygda var det konfirmasjon. Eg er sterk motstandar av at ein bruker dagen til anna enn det den er meint for, men var heldigvis ikkje "ramma" sjølv.
Markeringa av dagen skjedde i år i kinosalen på Volda samfunnshus. I Volda arrangerer fleire grupper 1. mai saman, men i og med at det var konfirmasjonar fleire stader, var det ikkje så store forsamlinga som møttest. Foreldra mine og Bladfyken var i følgjet mitt.
Arbeidarpartiet hadde stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal som hovudtalar. Han snakka mykje om arbeidsløyse, krise og skattelette, men og om integrering og hjelp av flyktningar.
SV sin hovudtalar var den lokale kommunestyrepolitikaren Marit Aklestad, som har fått ein del mediamerksemd på grunn av medbragt baby på kommunestyremøte. Ho fokuserte på internasjonal solidaritet, og peika på ein del problem med arbeidsmiljø og rettigheiter.
AUF-appellanten Guro Kvist var innom ein del av det dei to hovudtalarane tok føre seg, og peika dessutan på kor viktig 1. mai var og er.
Howard Medland heldt appell på vegner av Amnesty International, og han fortalde mellom anna om tre som sit fengsla fordi dei manglar ytringsfridom i land som Uzbekistan, Azerbadjan og Etiopia. Alle fire talane var tankevekkjande og lærerike. I tillegg var det musikkinnslag frå Høgskulen, allsong og kaker og kaffi.
Etter arrangementet for vi, som i fjor, på kinarestaurant. Når ein har gjort noko to år på rad, er det som kjent blitt ein tradisjon.

torsdag 28. april 2016
Charlie 2 år
![]() |
| Kullet: Aika, Charlie og Atlas |
I år satsar vi ikkje på utstillingar og hundeklubbtreff, sidan dette ikkje var noko som passa så godt for Charlie. Vi kjem til å satse mykje meir på lange turar, når berre matmor blir ferdig med eksamen. Håper sommaren blir nokolunde tørr og skoddefri!
Takk til hundeoppdrettar Isabell for denne sjarmerande pelsdotten - livet har fått ein ny dimensjon med han i heimen.
Etiketter:
Charlie,
hund,
sheltie,
shetland sheepdog
onsdag 27. april 2016
Krigsminnesmerke på Åram
Fri-onsdagen skulle eigentleg brukast berre til pensumlesing, men vêret var elendig for denslags, så det vart ein spontantur til Åram i staden. Der såg vi på eit fortanlegg frå andre verdskrig. Dessverre var området veldig attgrodd, og nokon hadde rota det til med vedhogst. Dessverre hadde vedkomande ikkje saga ned trea som veks opp og øydelegg utsikta over fjorden, så vi måtte ein tur ned i fjøresteinane for å sjå meir. Det vart ein nydeleg dag, og tid til lesing både før og etter turen. Hjernen er smekkfull, så det er godt å få oppleve noko anna innimellom.
| Sett på heimveg. Nokon hadde måla gamle gardsreiskapar og stilt dei ut. |
| To hus på oppsida av vegen der utstillinga var |
Etiketter:
Charlie,
hund,
sheltie,
shetland sheepdog,
tur
søndag 24. april 2016
Bok 30 2016: "Den guddomlege komedien" av Dante Alighieri
Dette var kanskje eit sært bokval, men utvalet var ikkje så stort den dagen eg var på biblioteket og lånte klassikaren. Eg kom på at eg kanskje skal undervise om Dante til hausten, og tenkte det kunne vere artig å lese heile.
Dette er ikkje heile verket, men derimot utvalde #songar". Dei er omsette til nynorsk, og glitrande lese. Handlinga dreiar seg om Dantes reise til helvete, skiringssalen og paradiset, og verket har vore modell for seinare verk, filmar og til og med dataspel.
Like interessant som sjølve verket, er dei forklaringane som kjem langsmed, og ikkje minst etterordet av Sigmund Skard. Det kan hende eg låner boka att når vi kjem så langt i pensum.

lørdag 23. april 2016
Kile
Både fredag kveld og laurdag føremiddag var det Minstemann og eg som skulle gå tur med hunden, og begge turane gjekk til nabobygda Kile. Det er ikkje så mykje trafikk her i helgane enno, utanom ferjekøane ein gong i halvtimen, så det går eigentleg fint å gå tur på hovudvegen. Når vi kom til Kile, gjekk vi over den første brua og langs vegen mellom gardane til den andre brua. Fredag kveld var det ingen ute, men i dag møtte vi både sauer, folk og ein hund.
Etiketter:
Charlie,
hund,
Minstemann,
sheltie,
shetland sheepdog,
tur
onsdag 20. april 2016
Ein pust i bakken
Det er travle tider i heimen. Gamla styrer med sitt, som er politikk, studium og jobb, og Storegut ligg rett ut og er sjuk.
I dag hadde Minstemann og eg fri-onsdag, og då kom vi oss heldigvis ut på ein lang tur i nærmiljøet. Det har blitt lite mosjon og heller små turar i nærmiljøet siste tida enn lange toppturar i strålande sol. Det hender at eg ser mørkt på heile studentlivet, men no er det berre fem veker att til den store eksamensdagen. Før den tid skal eg ha retta unna nokre bunkar, laga eksamensoppgåver og halde ein del timar, og det blir få høve til å dykke ned i pensum. Ein får berre krysse fingrane og håpe på eit mirakel. Og på at ein held seg frisk.
Det viktigaste er helsa, og den lyt ein ta vare på midt i alt kvardagsstresset.

personleg jobb,
sheltie,
shetland sheepdog
lørdag 16. april 2016
Bok 29 2016: "Så jeg ikke går meg vill" av Ann Tatlock
Eg-personen i denne boka er Nova, som fortel om hendingar frå då ho var ni år. Nova budde då saman med mora og broren sin på pensjonatet til tanta. På pensjonatet bur også Josef, ein polsk innvandrar som overlevde konsentrasjonsleirar under andre verdskrig, men miste kona og borna.
Romanen er ei varm forteljing med klar kristen undertone. Eg likte den veldig godt.
Romanen er ei varm forteljing med klar kristen undertone. Eg likte den veldig godt.
Vinklubb i april
Fredag kveld var det duka for ny vinklubb, med nydeleg mat og vin etterfølgt av hyggeleg prat. Vi held det gåande med desse treffa, etter 15 1/2 år, og temaa i samtalane har variert med interessene som vi har hatt. Fredag kveld fleipa vi ein del om kor vi skal ha vinklubb på gamleheimen, og variere mellom kven sitt rom vi skal vere på. Så skal vi møte opp med rullator og vinglas - klare for ein hyggeleg kveld.
Storegut 19 år
Fredag var det bursdagen til familiens Storegut. Han har vore sjuk i lengre tid, noko som gjorde bursdagen litt spesiell, men det kjem nye høve til å feire.
Storegut er ein frykteleg kjekk gut. I år er han russ, og det blir spennande å sjå kva studium han endar opp med til hausten. Vi er i alle fall glade for at han har valt å halde seg her i distriktet eit år til, så får vi sjå korleis det blir på sikt. Han har mange talent og interesser, men må på sikt finne ut kva han vil studere, arbeide med og ha som hobby. Eg prøver å legge meg minst mogleg bort i kva ungane mine vel av yrke og studium, men eg svarar ærleg når dei spør meg til råds. I tillegg har eg hatt nokre tips om kva som er lurt å søke om. Søknadsfristen til høgare studium er 15. april, som altså er bursdagen til Storegut, så det er lett å hugse.
Det blir rart når Storegut ikkje er på jobben min meir, saman med dei to andre i bandet som framleis er elevar der, men han er absolutt klar til å gå vidare i vaksenlivet.

| Sist han var russ... |
Bok 28 2016: "Britt-Marie var her" av Fredrik Backman
63 år gamle Britt-Marie har forlate ektemannen fordi han var utru. No skal ho etablere seg på nytt, noko som er vanskeleg for ei som har brukt livet sitt på å stelle heimen for mannen sin. Ho har ingen formell kompetanse, men er svært god til å vaske klede og vindauge, blant anna. Tilfeldigheitene vil det slik at ho endar opp i ei lita bygd, der ho blir fotballtrenar og fritidsklubbleiar, samtidig som ho får mange nye vener.
Boka er mest humoristisk, men der ligg eit alvor under som viser det tragiske i somme kvinners liv, når dei lever liva sine som støttespelarar for andre, utan å skape eigne liv. Slik sett er dette ein feministisk roman, sjølv om den verken verkar bitter eller politisk. Britt-Marie er først og fremst eit menneske som har teke vala sine med omsyn til alle andre enn seg sjølv.
Eg likte denne boka svært godt!

søndag 10. april 2016
Bok 27 2016: "Evighetsbarna" av Beate Grimsrud
I denne bpka følgjer vi fleire hovudpersonar, men spesielt to ståri sentrum. Siri er ei førtito år gamal kvinne som trur ho er gravid, og André lever saman med katten sin. Ingen av dei er heilt A4, og dei har problem med seg sjølve og omverda. Boka skildrar på ein fascinerande måte korleis menneske kan ha det når dei slit med psykiske problem og einsemd, og den er interessant utan på nokon måte å vere deprimerande. Eg vil heller seie at den er prega av ei lett stemning utan eigentleg å vere humoristisk heller. Dei psykiske vanskane vert normalisert, på eit vis. Eg likte boka svært godt.
lørdag 9. april 2016
Laurdag: 12-konsert og tur rundt Rotevatnet
I dag hadde musikklinja konsert i kyrkja. Storegut valde å fare på jobb i staden, men småsøskena og eg tok turen til sentrale strok. Det var ein kort, lågmælt og stemningsfull konsert, og Veslejenta ser veldig fram til å få gå musikklinja ho òg.
Hunden var med, men venta i bilen den knappe timen konserten varte. Eg hadde parkert i skuggen og opna alle vindauge, så han leid ikkje noka naud. Ungane fekk velje turmål i dag òg, og dei valde å gå rundt Rotevatnet. Det er ein svært "mainstream" Volda-aktivitet, men vi gjer det ikkje så ofte sidan vi bur på den andre sida av bygda. Charlie hadde i alle fall godt av litt sosial trening.
Hunden var med, men venta i bilen den knappe timen konserten varte. Eg hadde parkert i skuggen og opna alle vindauge, så han leid ikkje noka naud. Ungane fekk velje turmål i dag òg, og dei valde å gå rundt Rotevatnet. Det er ein svært "mainstream" Volda-aktivitet, men vi gjer det ikkje så ofte sidan vi bur på den andre sida av bygda. Charlie hadde i alle fall godt av litt sosial trening.
Etiketter:
Charlie,
hund,
personleg,
sheltie,
shetland sheepdog
fredag 8. april 2016
Fredagstur i Mjeltvika
I og med at Storegut skulle kome seint fredag kveld, tok småungane og eg oss berre nokre brødskiver til middag, i tillegg til supperestar frå i går. Etter ei lita kvilestund gjekk vi på tur med hunden, og når ungane vel turmål, vert det ofte Mjeltvika. Ikkje det mest spennande turmålet etter kvart, men fint og flatt å gå, såpass vi slapp å slite oss ut etter ei travel veke med jobb, skule og uendeleg mykje klesvask.
Vel heime sette eg meg til med pensum og elevvurderingar, og ungane laga middag. I bloggande stund er maten klar, og vi ventar berre på at storebroren skal kome heim så vi får ete saman.
onsdag 6. april 2016
Fri-onsdag: studium, klesvask, tur og møte
I dag skulle vi få levert ny vaskemaskin i heimen, så Minstemann og eg vart verande i heimen. Der rydda vi vaskerommet, og eg fekk lese eit kapittel i psykologiboka medan Minstemann tromma.
Vi har samla ganske mykje klesvask sidan vi kom heim frå påskeferie, sjølv om eg har teke unna litt for hand, så det var svært kjærkome å få sette i gang den første klesvasken. Den nye maskina tek ein kilo meir, så det fører til at arbeidet går raskare. I kvardagen har eg ikkje behov for ei så stor maskin, men det er veldig kjekt akkurat no, og når alle skal skifte på sengane sine samtidig.
Vaskemaskin-karane kom like før eg måtte ta til med middagen, og den var ferdig like etter at Veslejenta kom heim. Det er ein fin kvardagsluksus å kunne servere eit litt tidkrevjande måltid på fridagen, og i dag hadde eg bruna lauk og steikt kotelettar.
Etter middag ville Minstemann ut på tur, og det var eg med på. Etter å ha høyrt meg fortelje om folket frå Plassen, ville Minstemann gjerne gå dit for å sjå murane. Etterpå gjekk vi over raset til Kile, og hovudvegen heim. Mot slutten fekk vi litt tidsnaud, for eg skulle til Ørsta på politisk møte. Ungane styrte seg heime medan mora var vekk, og eg kom heim til reine sengeklede på senga og støvsuga hus.

tirsdag 5. april 2016
Bok 26 2016: "Ensomheten i Lydia Ernemans liv" av Rune Christiansen
Lydia reiser heimanfrå for å arbeide som veterinær. Gjennom jobben møter ho fleire menneske som får tyding for livet hennar vidare.
Dette er ei poetisk bok som krev ein del av lesaren. Forma er ein slags prosalyrikk som skal forestille noko Lydia skriv om seg sjølv, trur eg. Boka inneheld mange litterære referansar, spesielt til svensk litteratur, som eg ikkje kjenner noko til. Mykje av innhaldet går dermed tapt for dei fleste lesarar, vil eg tru, men forfattaren har likevel motteke fleire prisar og nominasjonar for boka, mellom anna Bragepris.
søndag 3. april 2016
Straumshamn på søndag
Ivrige blogglesarar har kanskje fått med seg at eg på frionsdagen la ut bilete av nokre gamle murar. Eitt av bileta la eg dessutan ut på facebook, og der stilte eg spørsmål om det var nokon som visste noko om murane. Det gjekk ikkje lenge før eg fekk napp, og brått hadde eg fått ein lokalhistorisk "date" saman med andre frå heimbygda.
Eg skal ikkje røpe det eg fekk høyre, anna enn at det var ei dramatisk og delvis tragisk historie som innbefatta fattiglemer, rettssaker og fråflytting. Vi vart einige om å møtast att seinare på våren for å ta ei "synfaring" i området, og det ser eg fram til. Eg fekk dessutan høyre mykje om bygda her i fortida, både for svært lenge og ikkje så lenge sidan.
Illustrasjonsbiletet er teke av det aktuelle området, sett frå den andre sida, der vegen går. Dagens føremiddagstur gjekk frå huset mitt langs ein gamal, delvis attgrodd skogsveg, og deretter inn til Kile. Føremålet med turen var å sjå over på den andre sida av Kilspollen, der ein i gamal tid bygde store fiskebåtar. Ein kan sjå at skogen nesten er hogd ut like ovanfor gardane, og materialet vart brukt til båtbygging.
Bjørkedalen på laurdag
Laurdag ettermiddag kom vi oss ut på tur i regnet. Turmålet var Langedalsbroe i Bjørkedalen, men vi gav opp midtvegs fordi snøen låg ganske djup. Vi fann derfor nokre skogsvegar i låglandet, gjekk rundt på måfå og hamna til slutt nede ved hovudvegen. Ikkje den mest interessante turen eg har gått på sånn turmålmessig, men det gjer godt med frisk luft og mosjon, spesielt når veka elles har bestått av møte, busskøyring og studium.
Etiketter:
Charlie,
hund,
sheltie,
shetland sheepdog,
tur
lørdag 2. april 2016
Bok 25 2016: "Kvikksand" av Henning Mankell
Mankell er mest kjend for kriminalbøkene sine, så dette er ei bok som skil seg ut i forfattarskapen. Boka skreiv han etter å ha fått kreftdiagnosen, og ein kan samanlikne innhaldet noko med Knausgård sine Min kamp-bøker i og med at den inneheld minne om hendingar, skildring av situasjonen i notid og mykje refleksjon om menneskeheita, tid, liv og død. Til tider er det ei dyster bok, med tanke på at forfattaren no er død, men den er først og fremst tankevekkjande og filosofisk. Eg likte den godt, sjølv om det på ingen måte var lett underhaldning. Tittelen seier vel sitt i så måte.
Finn Schau les lydboka på ein svært god måte, noko som løftar leseopplevinga.
Finn Schau les lydboka på ein svært god måte, noko som løftar leseopplevinga.
Abonner på:
Innlegg (Atom)