I påska leita eg fram sykkelen min og begynte å trimme hundane på ein litt mindre krevjande måte enn å gå to lange turar for dag. Då eg først begynte å trene dei til sykkelturar, var dei om lag halvanna år. Dei første turane var korte og inneheldt pausar, og hovudmålet var å få dei til å gå fint ved sida. Eg bruker vanleg halsband og leieband på dei, for hundane skal ikkje drage. Leiebandet held eg svært laust i handa - klar til å sleppe viss det kjem ein katt eller noko anna som medfører bråstopp. Tempoet når ein syklar med hund skal ikkje vere så fort at hunden legg om til galopp - den skal trave med lengst mogleg steg. Dette er fin trening til utstillingsringen, samtidig som hunden sjølvsagt utviklar musklar på ein langt betre måte enn ved vanleg spasering.
No i starten på sesongen syklar eg om lag ei halv mil dagleg med kvar hund, og då går eg litt før eg snur slik at dei får ta seg inn att og drikke litt. Seinare kan ein lett sykle ei mil med ein veltrena, frisk hund.
Det er ekstremt viktig å vente med å gi dei mat til minst ein time etter sykkelturen, eller vente med sykkelturen til eit par timar etter dei har ete. Dette gjeld eigentleg uansett når ein trimmar hundar, men er spesielt viktig ved såpass hard trening.
Det vil seie: hard trening for hundane. Vi hine slappar godt av på sykkelsetet. I dag var Nummer 3 og Unge Indiana med på tur, og vi fekk repetert og korrigert ein del gamle regler (Nummer 3 har gått rundt og trudd det heitte "Ellinga vellinga Vatlandspruten", og Gamla Norsklærar heldt på å velte av sykkelen av latter. Det var det næraste vi kom ein farleg situasjon) og songar (det vart ein del "oja oja ohaha").







































