fredag 10. april 2009

Bok 21 2009: "Lille Tre" av Forrest Carter


Denne romanen fortel om ein gut som veks opp saman med besteforeldra sine, som er cherokee-indianarar. Ein får innblikk i indianarane sine kår, livsstil og livsvisdom, og det heile vert formidla med ein sjarmerande, barnleg synsvinkel. Boka vert rekna som ei høveleg bok for ungdomstrinnet, men ein må nok vere vaksen for verkeleg å forstå den fullt ut.

Mot slutten av lesinga "googla" eg forfattaren for å finne ut om boka er sjølvbiografisk, og då kom eg over ei langt meir interessant historie, om ein mann som var ein kjend anti-semitt og medlem av Ku Klux Klan, men som braut med det tidlegare livet sitt etter å ha tapt eit senatorval der han stilte med eit rasistisk valprogram. Mannen skifta namn og begynte å skrive bøker - mellom anna den kjende historia om Josey Wales, som seinare vart filmatisert med Clint Eastwood i hovudrolla. Carter fornekta si eiga fortid og gav ut "Lille Tre" som om den var sjølvbiografisk - noko den på ingen måte er. Då han døydde, var ingen av slektningane hans til stades i gravferda.

Etter at Carter var død, vart bøkene hans verdskjende bestseljarar.

6 kommentarer:

  1. Dette var interessante historier.Både den i boka og den om.Skulle ønske eg fekk tak i lydbokversjonen.

    SvarSlett
  2. Eg har høyrt den som lydbok! Lånte den på jobb-biblioteket...

    SvarSlett
  3. Skal ta den med når vi kjem innom i morgon!

    SvarSlett
  4. Kom over bloggen din når jeg søkte etter mer info om denne boken, og her var det jo masse fine bokanmeldelser på bøker jeg har lest/har lyst å lese :)

    SvarSlett
  5. Koseleg med nye "lesarar"!

    SvarSlett
  6. Gamal blogg dette men den fortjenar ein kommentar likevel. Lille Tre kan også lesast som ein dyrking av det "reine" og distansering frå staten. Lille Tre får oppdragelse i pakt med naturen frå besteforeldra men den store stygge staten forsøker å øydelegge alt ved å sende han på kostskole og straffe bestefaren for brennvinsproduksjon.
    Det er difor ikkje sikkert at Lille Tre representerar det bruddet med Forrest Carter's rasismefortid som vi liker å tro.
    Men skrive kunne han, sjølv om meiningane ikkje hang på greip. :)

    SvarSlett