lørdag 11. april 2009

12. april: vi minnest Farmor og gratulerer Tante




I dag, 12. april 2009, er det 100 år sidan Farmora mi vart fødd. Førre innlegg handla om påska 1999, og ærendet vi hadde i Solund den påska var feiringa av Farmor sin 90-årsdag. Det var litt av ein flokk som var samla der, og hovudpersonen sjølv strålte heile dagen. Det må ha vore rart å sitje der og sjå alle dei menneska som var etterkomarane etter henne og mannen, som døde før søskena mine og eg vart fødde. Dei fekk fire born, men Nummer 3 omkom på sjøen berre 17 år gamal. Den einaste jenta i flokken kom først, og ho vart faktisk fødd på Farmor sin 26-årsdag. Tanta er gudmora mi, og eg reknar med at vi snart møtest i festleg lag på Hareid. Onkelen vår er den einaste av søskena som bur i Solund enno, men fleire i seinare generasjonar bur og har stifta familie der. Fetteren min bur i huset til Farmor, der vi ofte ferierte i min barn- og ungdom.

Dei vedlagde bileta frå feiringa syner Farmor saman med born, born + svigerborn, alle dei ti barnebarna og dei av oldebarna som var til stades (der mangla tre). Seinare har sjølvsagt fleire kome til, og med litt hovudrekning har eg kome fram til at der no er over 30 oldebarn etter Farmor og Farfar.

Det er på mange måtar vemodig å sjå slike gamle bilete, men den dagen vart eit godt minne for vår grein av familien. Året etter, i mars 2000, reiste søskena mine, foreldra mine og eg på nytt til Solund. Då vart Farmor gravlagd. Feiringa vart såleis siste gong vi møtte henne.

Ei varm helsing til slekta der ute - eg veit at fleire av dykk les bloggen min, og det er sjølvsagt kjekt. Og så håpar eg at nokon av dykk kan syne dette til Tante òg, for eg ville så gjerne helse til henne på fødselsdagen.

1 kommentar:

  1. Dette var ei hending som vi hugsar med glede. Heile storfamilien vår låg på pensjonatet på Hardbakke,og vi måtte ha mange rom.Der var også der sjølve selskapet var.Sjølv om Johanna måtte sitte i rullestol etter div.lårbeinsbrot m.m. var ho åndsfrisk og hadde god hørsel-heilt til det siste.
    Trur ikkje Anne Marie fekk så stor merksemd den dagen.

    SvarSlett