mandag 13. april 2009

Sesongens siste skitur?





Eg er truleg verdas verste mor. I dag skulle familien (minus Eldstejenta, som var på overnatting i Volda) på skitur på Stigedalen, og Nummer 2 og eg skulle gå til Movatnet. Undervegs greidde guten å trakke over, så mora let han sitje på ein stein medan ho sjølv gjekk heilt fram og hadde ein nydeleg tur. På tur nedatt fann ho att guten sin, og han hadde knapt einsa at ho hadde vore vekk ein halv time.

Vi hadde uansett ein fin tur - føret var så som så, og det minkar fort på snøen.

Foten var forresten blitt såpass bra at det ikkje var noko stor sak for guten å renne frå mora i nedoverbakkane. Det var ikkje få som rende forbi meg, og eg skuldar sjølvsagt på dårleg gli/dårlege ski.

Skia er forresten frå 1998 - då kjøpte eg meg nye ski i høve skidag på jobb. Då hadde eg ikkje hatt ski på beina sidan påska 1981, då eg sa at eg "aldri meir" skulle gå på ski. Men det er "ingen skam å snu".

1 kommentar:

  1. Det mest utrulege for meg er at Gamla går på ski i det heile tatt. Minnest ein barndom då ho nekta foreldra å kjøpe ski til henne, og då ho på skuleturar brukte tida til å køyre med heisen opp --og ned.Flott at de fekk enda ein dag ute i fineveret. Sjølv har eg ikkje kome meg lenger enn ut på altanen i dag.Men eg har jo heilårsferie.

    SvarSlett