lørdag 11. april 2009

Tankar om detaljar


Javisst har Gamla også Ekelund-dukar! Med roser, blåklokker, iris, margerittar og anemonar, Og så har ho diverse koppehanddukar. Faktisk har ho så mykje at ho ikkje orka å gå runden i heimen for å fotografere alle, slik trenden var på somme bloggar der ute her for noko sidan.

Men her er altså hane-duken. Eg har fått den av Systa, som så mykje anna av det fine eg har. Det er vel berre margeritt-løparen eg har kjøpt sjølv av alle Ekelund-tinga.

Påskeliljene, som Nummer 3 plukka som knoppar og som spratt ut til dagen etter, står i ein liten vase Gubben og eg fekk av broren til J-Blogg då vi gifta oss i 1988. Vasen passar perfekt til hestehov, kvitveis og krokus, så den er mykje i bruk om våren. Telysestakane av glas fekk eg av ein kollega då eg feira 40-årsdagen min i fjor. Eg likar dei veldig godt fordi dei er så enkle, og fordi dei kan tilpassast alle årstider og smakar.

Det er ikkje så ofte eg kjøper pynteting sjølv, og eg er ikkje så stilsikker når det gjeld interiør heller, så då er det godt å ha slekt og vener med god smak. Og så sender eg dei til gjengjeld ein tanke når eg tek fram gåvene for å pynte opp litt.

4 kommentarer:

  1. Desse tinga du viser her var veldig fine i lag. Kunsten med å pynte må, etter mi meining, vere å bruke det ein har, og sette det i hop på ymse måtar. Å kjøpe nye "seriar" til stadigheit blir berre kjedelig og forutsigbart, for å seie det på godt nynorsk.

    SvarSlett
  2. Koseleg å sjå fleire løparar! I år har eg ikkje leita fram all påskepynten, veit ikkje om det er eit godt eller dårleg teikn...
    De må i alle fall ha ei framleis fin påske!

    SvarSlett
  3. Eg er litt rundt i bloggverda og hamnar innom interiørbloggar. Der er det mykje kvitt. No til påske dristar dei seg til litt lysrosa. Det er ikkje min smak! Kvifor vere redd for fargar? Eg satsar på at det som vert sjeldan utskifta er i nøytrale fargar, og så får ein slå til med glade fargar etter årstidene. Ekelund gjer det lett for oss....

    SvarSlett
  4. Som nemnt, så er eg ikkje så "god" på interiør - eg ser at mykje eg har er både gammalt og ute på dato, men mange gjenstandar har følgt oss i alle heimar vi har hatt, og det ville ikkje kjennast heilt som "heime" viss ein erstatta desse tinga med nye, meir moderne ting som passa perfekt saman. Når det gjeld sesongpynting, synest eg påskepynten er finare enn julepynten. Ikkje på grunn av fargar, men fordi høns og harar er koselegare enn nissar og englar.

    SvarSlett