lørdag 11. april 2009

Påska 1999





No når eg har fått meg scanner, blir det ekstra freistande å mimre på bloggen. I dette innlegget skal vi ti år attende i tida, då heile storfamilien T reiste til Solund saman. Vi budde på pensjonatet på Indre, men reiste òg ut i Ytre for å sjå staden der "Besten" kjem frå, og der "Besta" hadde sin første lærarjobb. Bileta syner den opprinnelege familien T, og deretter dei familiane som borna etter kvart etablerte. Fire barnebarn har kome til etter 1999, og det å samle "alle" vert vanskelegare for kvart år.

1 kommentar:

  1. Her føler eg meg freista til å kommentere strikkakleda til borna. Wenche hadde strikka dressen til Olaug, mens eg hadde strikka alle genserane, delvis etter eige haud .....Det viser!

    SvarSlett