søndag 5. august 2012

Bok 49 2012: "I havet er det krokodiller" av Fabio Geda

Når denne boka har fått slik internasjonal suksess, er det ikkje fordi den har så store litterære verdiar når det gjeld språk og komposisjon, men fordi den enkelt og greitt fortel ei gripande historie. Boka har som undertittel "Enaitollah Akbaris historie fra virkeligheten", og etter det eg har lese om boka går eg ut frå at dette verkeleg er basert på ei sann historie.

Boka har to forteljarstemmer. Ein ser føre seg at Enaitollah fortel historia si til forfattaren Fabio. Sistnemnde er for det meste i bakgrunnen, men kjem med nokre kommentarar no og då. Vi får høyre historia om korleis ein ti år gamal hazaragut kom seg ut av det talibanstyrte Afghanistan, og korleis han kom seg vidare i verda som papirlaus flyktning.

Eg likte boka godt. Den gir eit innsyn i livet i Afghanistan, tenkjemåtar og haldningar. Ein får dessutan innsyn i korleis det kan opplevast å flykte og berre ha eit ønske om eit trygt liv med jobb og skulegang.

Boka er ikkje så brutal som til dømes "Drageløperen", og den er relativt kort. Eg kan tenkje meg at den ville høve godt å lese for ungdom frå 14 år og oppover, i tillegg til vaksne lesarar som er opptekne av emnet.

Espen Sandvik les lydboka, og det gjer han på ein glimrande måte.

Damekveld på terassen

Laurdag kveld vart eg invitert i damelag. Som vanleg ved slike høve gjekk praten lett og latteren sat laust. Tusen takk til vertinna Nabo-N! Nokre av oss fekk ein relativt lang, men hyggeleg spasertur heim ut på natta.

lørdag 4. august 2012

Tur i tåkeheimen


Fredag skulle det bli fint vêr. Skodda letta relativt tidleg, og eg sette meg ut i solsteiken for å få farge på kroppen og kose meg med ei god bok. Etter litt over ein halvtime skya det over, og eg fann ut eg kunne begynne på helgavasken så lenge. Då eg hadde vaska ferdig, var det framleis overskya, så eg bestemte meg for å klippe ferdig den delen av plenen som stod att frå onsdag. Etter det var eg så gåen at eg sette meg ut uansett om det var overskya, men så vart det kaldare og begynte til og med å regne.

Eigentleg hadde eg gått så mykje i går at eg heller skulle kvile meg i dag, men då tv-en viste "intet signal" var grensa nådd. Det vart tur likevel. Nokre lesarar ser kanskje kvar bileta er tekne, men eigentleg kunne det ha vore kvar som helst.

fredag 3. august 2012

Bok 48 2012: "Bli hvis du kan. Reis hvis du må"

Helga Flatland debuterte med denne boka i 2010 og fekk fleire prisar for den. Boka fortel historia om nokre gutar som veks opp i ei bygd, og som vel å reise til Afghanistan saman. Vi møter fire forteljestemmer, blant anna to av gutane, og på lydboka vert dei fire delane lese av fire ulike opplesarar. Boka er kort, men god, og verkeleg verd å lese. Ein får ikkje så mykje innsyn i krigføringa i Afghanistan, men desto meir innsyn i bygdeliv og kva som kan få unge menn til å melde seg frivilleg til å reise i krig.

torsdag 2. august 2012

Sulvatnet og Sulvassdalen

For tre år sidan blogga eg om ein tur til Sulvassdalen. I ettertid har det vist seg at dette var noko misvisande, sidan vi stansa i enden av Sulvatnet utan å gå ned til setra og dalen. I dag gjekk eg på impuls opp på Heida og vidare innover mot Sulvatnet. Det gjekk ikkje heilt greitt, for eg sleit med å finne stien.

Deretter gjekk eg langs heile Sulvatnet for å finne setra, men enda opp med å gå opp i høgda der eg fekk eit fint oversyn over det eg no trur er Sulvassdalen. Eg såg i alle fall eit raudmåla sel. Dessverre var der så mange hamrar og såpass bratt at eg gav opp prosjektet og gav meg på heimveg.




Stien forsvann på mystisk vis på heimveg òg, det regna og kom uhorvelege mengder knott, og eg enda opp med å ha gått 18 000 skritt i ulendt terreng i løpet av over fire timar.

Bonus: eg fekk høyrt fire lydbok-cd-ar medan eg gjekk.

Bok 47 2012: "Huset du elsket" av Tatiana de Rosnay

Etter å ha lese både "Bumerang" og "Saras nøkkel", og likt sistnemnde bok svært godt, har eg no lese nok ei bok av same forfattar. Handlinga dreiar seg rundt ei eldre kvinne som nektar å forlate heimen sin når huset skal rivast. Gjennom monolog til den avdøde mannen snakkar ho om livet deira.

Etter mitt syn var dette ei totalt uinteressant bok, og det mest positive eg har å seie om den, er at den er kort (knapt seks timar).

onsdag 1. august 2012

Bok 46 2012: "The Moon Is Down" av John Steinbeck

Eg har lese skodespelversjonen av verket, på grunn av ei feilbestilling på internett. Det var like greitt, for denne boka las eg mest som ein kuriositet.

Boka kom ut i 1942, og handlinga er lagt til ein kolgruveby i eit ikkje namngjeve land. Byen og landet vert okkupert, og handlinga dreiar seg rundt personar på begge sider i konflikten og korleis dei taklar den spende situasjonen. Ei av dei som gjorde inntrykk er kona i huset, som er mest oppteken av kva ein skal servere gjestene når det er fiendtlege soldatar som kjem på besøk. Ho får kritikk for dette, men svarar då at det i alle vanskelege situasjonar er kvinner på kjøkkenet som tek seg av det trivielle.

Den nemnde kuriositeten ved dette verket er at det skal handle om Noreg. Eg syntest det minte om "En Folkefiende" av Ibsen, og likte boka godt, trass i at den må seiast å vere noko ute på dato.

Den gamle postvegen


Turen gjekk denne gongen frå Bjørkedalen over til Harpefossen. Vegen vert kalla postvegen, og er truleg ei forlenging av vegen ved Kilskrossen.

Eg let meg ofte imponere av vakkert steinarbeid, både langs vegar og i hagar. No for tida er det flinke maskinførarar som utfører slikt arbeid, men i tidlegare tider har nokon løfta på plass steinane med eigne krefter, noko som gjer byggverk som brua på bileta både til kunstverk og staselege minnesmerke over hardt arbeid.

tirsdag 31. juli 2012

Bok 45 2012: "Tilgi meg" av Harlan Coben

Ei 17 år gammal jente forsvinn, om lag samtidig med at ein mann blir tatt på fersken i å ville innleie eit forhold til ei mindreårig jente. Fjernsynsreportaren Wendy prøver å finne ut kva som har skjedd, og kvifor.

Dette er tradisjonell og god krim der spenninga held fram til siste slutt, men utan nervepirrande scener. Eg likte boka godt, trass i den søtladne tittelen.

mandag 30. juli 2012

Bok 44 2012: "Ville Svaner. Tre døtre av Kina" av Jung Chang

Sjangermessig kan denne boka seiast å vere ei blanding av biografi og sjølvbiografi, og forfattaren bruker få skjønnlitterære verkemiddel for å auke spenninga eller skape stemning. Det er heller ikkje naudsynt, for historiene ho fortel er dramatiske nok.

Forfattaren tek føre seg lagnadene til bestemora, mora og til slutt sitt eige liv i Kina fram til 1978. I tillegg er resten av slekta nemnde, og viktige menneske i liva deira. Det vert altfor mykje å halde greie på, og leseprosessen min har gått svært sakte, sjølv om boka ikkje er skrive med tungt eller vanskeleg språk. Den er på over 500 sider, og det har ikkje vore mogleg for meg å lese for store dosar om gongen.

Den mest gripande delen av boka er når ho fortel om sin eigen ungdom under kulturrevolusjonen i Kina. Ein får eit eineståande innblikk i både politikk og daglegliv, indoktrinering og frykt for politiske hemnaksjonar. Den kommunistiske revolusjonen starta med å ville kvitte seg med overklasse, men ein ny overklasse vart raskt skapt innanfor politikken. Dyrking av keisaren vart erstatta med dyrking av Formann Mao, og landet vart fullt av politiske og praktiske paradoks.

Som døme kan eg nemne at Mao fordømde all utdanning i skular, men meinte at ein skulle lære av å praktisere. Jung Chang arbeidde derfor både som lege og elektrikar utan å ha fått opplæring først.


søndag 29. juli 2012

Sol og Pavlova

I dag har eg drive med fagleg oppdatering nesten heile dagen. Eg har til dømes sett nærare på biografisjangeren og nyare internasjonal kriminallitteratur.

I kveldinga gjekk eg meg ein lang tur, og no kosar Eldstejenta og eg oss med ei herleg Pavlovakake på deling. Livet er ikkje så verst!

Bok 43 2012: "Dagen skal komme med blå vind" av Levi Henriksen

Dette er femte boka eg les av forfattaren, og ein kan kjenne att den vemodige undertonen og miljøet på Skogli.

Mikael Hildonen lever med minne om kvinna han var trulova med, økonomiske problem og med spørsmålet om kor vidt niesa Daniela skal bu hos han og foreldra. Boka handlar mykje om å vere såra, men kunne reise seg og gå vidare i livet.

Eg likte denne romanen svært godt, spesielt fordi forfattaren les svært godt på lydboka og forsterkar den vemodige klangen.

lørdag 28. juli 2012

Wet, wet, wet

Etter å ha rusla ein tur rundt "Kilspollen" hadde eg i dag sett meg føre at eg skulle jobbe i hagen. Frå Hareid hadde eg fått med meg eit billass med stauder. Heldigvis har eg ein liten bil.

I bakhagen har eg eit bed som er laga fint til med stein, og der tidlegare huseigar har lagt duk med tanke på framtidig planting. Jobben no har vore å fjerne duk og ugras/gras, spa opp litt i den leirhaldige jorda og setje staudene nedi. Biletet er teke då dette var gjort, og dei mest observante og hageinteresserte blant dykk ser at her manglar mold. Det må eg handle inn over helga, ein dag eg har plass i bilen.

I det biletet vart teke, kom det akkurat ei frykteleg regnbyge og forstyrra meg i dagsplanen. Då den letta, utstyrde eg meg med hagehanskar, plantespade og ein plastpose, og så gjekk eg på tokt i nabolaget. Eg har gått og sett på nokre "fredløs"-plantar som har spreidd seg ned i ei grøft, og eg stal med meg nokre røter heim. Ikkje før hadde eg fått tjuvgodset i jorda, så begynte det å styrtregne igjen. Eg slapp dermed å vatne dei nyplanta staudene. Hadde eg tømt på nokre sekkar med plantejord, hadde den kanskje forsvunne ned i plenen.

Sidan eg hadde ein sosial og aktiv dag i går, synest eg det er fint å ta det med ro i dag, lese bok og klappe katten. Det gjer meg lite at det regnar, sjølv om det kjennest som haust.

27. juli: gullbryllaupsdag

Fredag samlast vi på Hareid for å feire at "to som er gode som gull" hadde vore gifte i 50 år. Det vart ein fin dag, og dei som er interesserte kan lese meir om selskapet på Solveig si side

Seinare på kveld fekk eg besøk av gode bygdevenninner, og vi kosa oss med vin og enkel servering.

Ein sosial og vellukka dag på alle måtar!

Blomar frå venninne (ingen brudebukett til paret over, altså, sjølv om den er vakker nok til det):

onsdag 25. juli 2012

Bok 42 2012: "Av jord er du kommet" av Chris Tvedt

Chris Tvedt debuterte som kriminalforfattar i 2005. Boka eg har lese kom ut tidlegare i år, og i den presenterer han ein ny etterforskar. Eg likar etterforskaren, som er ein passeleg fasettert figur til at han verkar overtydande. Sjølve handlinga skal eg ikkje kommentere, anna enn at mord på prostituerte har blitt ein klisjé, noko som òg gjeld forfattaren si glorifiserte framstilling av dei prostituerte kvinnene. Som så ofte før synest eg slutten vert langdryg, og at spenninga berre flatar ut undervegs.

Konklusjonen min må vere at dette er heilt ok underhaldning, men at den store spenninga uteblir.

mandag 23. juli 2012

I want to ride my bicycle

Eldstejenta hadde parkert sykkelen sin ved kaia og fått skyss heim. I dag trilla vi derfor med oss min sykkel til kaia, der vi henta hennar sykkel og sykla saman heim att. Det er ei knapp mil kvar veg, så det er ingen langtur akkurat, men det tok si tid likevel. Elles har dagen vore relativt roleg.

søndag 22. juli 2012

Minne og ettertanke

Så mange sterke historier, så mange kloke og gode ord. I dag er ein dag for minne og ettertanke, omsorg og kjærleik, medkjensle og respekt.

fredag 20. juli 2012

Keipen (965 moh)

I dag vekte eg ungane og fekk sala på gjengen såpass vi skulle kome oss ut på langtur. Det er fire år sidan sist eg var på Keipen, og då gjekk eg saman med Eldstejenta og Storegut. Det vart berre vi tre som kom heilt til topps i dag òg, og heller ikkje denne gongen vart eg med heilt fram på tuppen for å sjå på utsikta.

Sist gong vi var på Keipen, var i 2008

Vi gjekk i roleg tempo og rota oss vekk frå stien nokre gonger, men i alt brukte vi om lag 3 1/2 time på turen frå og til parkeringsplassen i Lisjedalen.

Var så alle samde om at det hadde vore ein fin tur?



Minstemann kommenterte: "Ditte he vore den verste fjellturen EVER. Ej gleda mej til ej skal til Danmark!"

torsdag 19. juli 2012

Andre bollar

Etter turen rundt Rotevatnet handla vi hos Eldstejenta, som har seinvakt til 23.00. Ho hadde eit sterkt ønske om at vi skulle bake bollar når vi kom heim, noko eg var litt negativ til sidan det berre er tre dagar sidan sist vi baka, og sidan eg hadde ein del anna å styre med i kveld. Veslejenta overtalte meg ved å love hjelp til utbaking, og no er søskena i sving med å kjevle ut leivar og lage kanel-i-svingane med vaniljekrem. Det blir ein sein og god kveldsmat i dag, og kanskje turmat i morgon?

Rotevatnet rundt




I dag ville ikkje dei to små gå på eit fjell, men ein stad det var flatt. Storegut skulle på fotballtrening, og dermed vart det til at vi følgde han over fjorden og gjekk rundt Rotevatnet. Dette er truleg den mest brukte turvegen i Volda, mykje fordi den passar både for unge og gamle, syklar og barnevogner. Vi såg mange teikn på at Dagmar hadde herja langs vegen i Volda òg, og vi kjende på lukt av pors, såg på sauer og hestar. Då vi kom til Årneset, leika dei litt i karusellen som er der.

Minstemann ville helst diskutere våpen, noko systera og mora var totalt uvillege til. Kanskje var det noko av grunnen til kommentaren hans då vi var attende på stadion: "Ditte he vore en lang og kjedelig tur"

onsdag 18. juli 2012

Sjå kva katten drog inn

Etter nokre stille morgontimar saman med katten måtte eg til slutt vekkje Minstemann, slik at han kunne vere med til Folkestad for å hente kompisen.

På butikken henta vi ein gedigen pakke, som inneheldt ein ny dekodar med opptaksfunksjon.

Folk som kjenner meg veit at eg har aversjon mot "duppedittar" generelt, og alt som skal monterast og stillast inn spesielt. Eg tenkte eg skulle greie dette heilt på eiga hand, men først måtte eg vaske steikomnen, rydde kjøkenet, henge ut teppa og vaske kjøken/stove. Då skein det opp såpass eg måtte lufte bikinien ein times tid - det ville vere for gale å sitje inne og montere duppedittar i finevêret. Etter kvart tende eg i grillen, laga middag, jobba i hagen, gjekk i ballbingen med ungane og gjorde så mykje at klokka vart altfor mykje til å begynne å montere. No skal vi snart sjå på tv, og vi vil ikkje risikere å miste tv-signalet heller. Det er visst på tide med eit nytt måltid òg.

Pakken står trygt plassert på salongbordet.

Bok 41 2012: "Drømmeløs" av Jørgen Brekke

Denne andre kriminalromanen av Jørgen Brekke er etter mitt syn betre enn den første, fordi den har strammare komposisjon. Eg skal ikkje gå så mykje inn på handlinga, men også i denne romanen finn vi ei gamal handling parallelt med at vi fyl dei same personane i notidas Trondheim som vi vart kjende med i første bok. Sentralt i historia er ei skillingsvise frå 1700-talet, som får tyding for begge dei parallelle handlinga. Dette var ei spennande bok, og eg håper Brekke snart kjem med ei ny!

Bok 40 2012: "Skyggen over steinbenken" av Maria Gripe

Denne barneboka fortel historia om Carolin, som kjem for å vere hushjelp hos ein velståande familie. Det er dottera i familien, Bertha, som er forteljaren i boka, og vi får eit godt innblikk i livet rundt 1910 - 12, med fokus på skilnader mellom samfunnsklassane.

Dei to yngste og eg har lytta til lydboka saman, og eg har inntrykk av at eg likte den betre enn dei gjorde. Lengda kan ha noko av skulda for dette, for boka er på heile 7 cd-ar. Sidan boka er den første i ein serie, er slutten ganske open. Veslejenta sa at eg ikkje treng låne fleire i serien, og Minstemann dømde boka nord og ned med kommentaren: "for en drittslutt".

tirsdag 17. juli 2012

Trøtt tysdag

Ein regnfylt dag kan vere ein god feriedag - i alle fall for oss som er så heldige at vi har mange friveker å ta av.

På grunn av pøsregn gjekk eg tur aleine om føremiddagen, las i ei god bok og gjorde eigentleg minimalt husarbeid utanom litt rydding. Ungane styrte med sitt. Det gjekk i song og musikk, brettspel og ein tur ned til ballbingen.






Sidan det ikkje skjedde noko som var verd å fotografere, legg eg i dag ut nokre av bileta frå gårsdagens jente-photoshoot nede i fjøra. I morgon håpar eg at vi kan kle opp konfirmanten og ta nokre fine bilete av han som vi kan bruke til takkekort.

mandag 16. juli 2012

Ikkje lenger pumpelens


I dag kom endeleg "pumpemannen", som vi har venta så lenge på. Varmepumpa vår har stått og samla støv under trappa i mange veker, men i dag fekk vi den opp på veggen i stova, og med ytterdelen trygt plassert under verandaen. Det var ein lang og møysommeleg prosess, spesielt fordi det viste seg at vi hadde fått feil ytterdel, så montøren måtte til tettbygde strok for å bytte den. Det tok åtte timar frå han kom til pumpa var montert, og vi fekk relativt lite ut av dagen, bortsett frå litt bollebakst.

Ironisk nok ville ungane grille til middag, men vi sette oss inne og åt i stabil sommarvarme.

søndag 15. juli 2012

Søndagstur til Straumsvatnet

Storegut reiste i studio laurdag, og det ser ut til at han blir verande der.

Vi hine gjekk i dag skogsvegen opp til Straumssetra, og vidare opp til demninga ved Straumsvatnet. Eldstejenta bada der, men ingen andre var freista. Turen vart på om lag 13 000 skritt, men det var lett og fint å gå i 15 grader og opphaldsvêr.





Vel heime steikte eg gårsdagens makrellfangst og serverte den med kokte nypoteter og salat av gulrot og mandarin. Til dessert hadde vi resten av Daim-iskaka frå selskapet torsdag. Det blir ikkje gjort meir vetigt i dag, anna enn å fyre og lufte, brenne duftlys og kose oss med data, PS og tv.

Bok 39 2012: "Trash - du vet aldri hva du finner" av Andy Mulligan

Ei gruppe unge gutar lever på ei søppelfylling. Plutseleg finn dei noko som får stor tyding for både dei sjølve og andre. Romanen skildrar hendingane med ulike forteljarstemmer, og saman utgjer dei ei interessant historie om forfølgjing og fattigdom, blant anna. Greitt nok som underhaldning, men inga stor litterær oppleving.


lørdag 14. juli 2012

Fisk og frisør

Storegut og eg har sett noko raggete ut i det siste, og i dag hadde vi endeleg frisørtime. I mellomtida fekk vi parkere småsøskena hos besteforeldra i Ørsta, og der tok Morfar dei med på fisketur. Dei hadde fått tre makrellar, som Morfar og Veslejenta fileterte, og som blir middag her i morgon.

Då vi kom frå frisøren, fekk vi nydeleg blomkålsuppe til middag, og ditto vaflar til dessert. Begge gutane har no kort og godt hår, og Minstemann synest dei nesten ser ut som "Jedward" (dei irske tvillingane i Eurovision).