Då eg fekk anbefalt forfattaren for ei tid sidan, var det dei nyare bøkene det var snakk om. Denne vesle boka er frå 2004, og den er ei poetisk og sår bok som handlar om å miste nokon. I forma utviklar kapitla seg frå korte, diktaktige avsnitt, til lengre og meir samanhengande tekstar. På same måte kjem forteljaren seg gjennom ein sorgprosess gjennom å skrive.
Sjølv om boka ikkje har mykje tekst i form av trykte bokstavar, er det ein stor tekst som krev tid og ettertanke. Eg likte den svært godt.
fredag 12. oktober 2012
Fredag på Heida
Dagens tur starta så tidleg at sola knapt hadde kome ned frå fjelltoppane. Det låg is på bilrutene, og det vart derfor til at eg gjekk på føtene heilt heimanfrå og opp på fjellet Heida, som ikkje akkurat er nokon imponerande fjelltopp, men der ein kan nyte utsikt i mange retningar og den fantastiske haustsola vi har fått nyte denne ferien. Eg trur forresten eg har brukt orda "nydeleg" og "fantastisk" fleire gonger denne veka enn hittil i år.
I løpet av turen vart det flate batteri både på discman og skritt-teljar, men kameraet fungerte heldigvis godt. Når eg ikkje har med ungar eller hund på tur, og ikkje får høyre lydbok eller telje skritt, kan eg i alle fall ta nokre bilete som eit slags synleg resultat.
Eg møtte ei hyggeleg bygdedame langs vegen her ein dag, og ho sa at ho likar så godt å sjå på bileta mine. No veit eg ikkje om ho les bloggen, ser på heimesida til bygda eller ser på facebook, for eg legg ut bilete i aust og vest. Uansett var det veldig kjekt med ei tilbakemelding - eg vart både glad og litt rørt. No har eg ein grunn til til å gå på tur og ta bilete: eg kan ikkje skuffe fansen!

To turar på torsdag, del 2: Vanylven
Om ettermiddagen vart det biltur til Vanylven. Vi køyrde til Harpefossen via den gamle postvegen på Bjørkedalen, deretter over Maurstadeidet. Frå Sylte tok vi vegen over Syltedalen til Sørdalen i Syvde, der Sørdalsvatnet låg i skugge med nydeleg spegling av fjella. Nokon brende bål i nærleiken, så det vart ei trolsk stemning ved vatnet.
Smoke on the water, fire in the sky
To turar på torsdag, del 1: Brundalen og Langevatnet
I føremiddag gjekk eg meg ein tur i Brundalen, deretter vidare inn mot Langevatnet. Om sommaren er myra så våt at det er vanskeleg å gå, men i dag låg det noko frost der, så det gjekk fint å gå heilt fram til vatnet.
onsdag 10. oktober 2012
Gunnlaug Ormstunge
Eg har akkurat avslutta eit større rettingsarbeid, og dei fleste tekstane handla om islendingesoga om Gunnlaug Ormstunge.
Det er mange tekstar i litteraturhistoria som det er eit under at dei ikkje er blitt filmatiserte. Denne soga kunne ha blitt ein fantastisk film, for teksten inneheld alt ein kan drøyme om. Trekantmotivet står sentralt, men eg er meir fascinert av Gunnlaugs vinglete natur. Han ønskjer å gifte seg med den vakre Helga, men han går glipp av dette ekteskapet fordi han er vel så oppteken av å reise rundt og oppleve andre stader og oppnå ære. Han kunne ha blitt ven med Ravn, men hånar diktinga hans så han får ein uven og rival for resten av livet.
Ein skulle tru det var keisamt å leite fram att dei same klassikarane år etter år, men soga om Gunnlaug er like spanande kvar gong. Og så hugsar eg attende til mi eiga gymnastid, då vi las heile soga høgt i klassen, og der ein medelev plutseleg midt i teksten utbraut på brei vanylvsdialekt:

"Å, æ de ennj mannj?"
Madama Butterfly
Tysdag kveld gjekk turen til Nordfjordeid for å sjå og høyre opera. Eg har tidlegare vore på opera to gonger i London og ein gong i Praha, men på Eid har eg ikkje vore før. Operaen heldt høgt nivå, og det var ei flott oppleving både visuelt og musikalsk. I pausen trefte eg på "Besta", som har skrive om si operaoppleving på bloggen sin.
Eg legg ved ein avisomtale av stykket her

tirsdag 9. oktober 2012
Triveleg trilletur
I dag hadde eg avtala med kollegavenninne K at ho skulle kome på besøk. Vêret skulle bli sånn passe surt etter meldingane, men brått skifta meteorologane meining og spådde strålande sol. Vi fekk oss ein kald, men fin tur til Mjeltvika, og etterpå prata og kosa vi oss inne. Vesleguten er berre ein storsjarmør, og "tanta" måtte knipse nokre bilete då han låg på golvet og sprella så smilande.
mandag 8. oktober 2012
Bok 67 2012: "Sitt ned og hold kjeft - håndbok for deg som vil bli kvitt selvtilliten" av Knut Nærum
Knut Nærum er med i mitt absolutte favorittprogram på tv, "Nytt på nytt". Han har ein intelligent og slåande humor som eg har stor sans for.
I denne vesle boka (knapt tre timar) kjem han med mykje refleksjon rundt samfunnet vårt, og han er både slagferdig og ironisk på den tørrvittige måten ein kjenner frå programma. I tillegg les han teksten sin sjølv, ispedd lydeffektar og andre stemmer.
Eitt døme på slik humor er når han skildrar politisk interesse og engasjement og seier "det er ikke de som gir faen som begår folkemord". Han vitsar elles om alder, kjønn, hudfarge, kunnskap og andre eigenskapar som kan gjere at folk får sjølvtillit. Skulda for at så mange har eit overdrive sjølvbilete, legg han på Walt Disney.

Jippi - det er haustferie!
Eg starta dagen med ein lang tur i pøsande regn. Det er litt lettare å setje seg til med rettingsarbeid når ein har gått i eit par timar først.
No er eg snart midtvegs i bunken, og det er eg svært nøgd over. Det er hardt arbeid, men mykje meir givande når ein har god tid og det er stille i huset. Det er godt rettevêr med regn i lavlandet og nysnø i fjella, så eg fyrer i omnen og tek husarbeid i pausane for å halde kroppstemperaturen oppe.
Mange i kollegiet reiser på tur, og planen min var eigentleg å reise langt vekk. Undervegs ombestemte eg meg, og no kan eg angre. Eigentleg er eg ikkje så reise- og vêrsjuk som eg burde ha vore med tanke på sommarferien, og eg slappar absolutt best av heime. Rettinga skal eg få unna innan helga, og i morgon skal eg feriere på skikkeleg vis.

søndag 7. oktober 2012
Bok 66 2012: "Sommerhus med badebasseng" av Herman Koch
Som i "Middagen" begynner boka som ei heilt vanleg historie om ein familie som vitjar ein annan familie i sommarhuset dei har leigd. Eg-personen er lege, og han vert tiltrekt av kona i familien dei vitjar. Handlinga tek ei vending når den eine dottera til eg-personen vert utsett for valdtekt og ikkje hugsar sjølv kva som har hendt. Eg-personen får mistanke til ein mann, og bestemmer seg for å gripe sjansen til å ta hemn.
Romanen er spennande og underhaldande, men eg vert noko overraska over at den har vekt samfunnsdebatt om kor vidt legen gjer noko rett eller gale. For meg er ikkje det eit aktuelt spørsmål i det heile, men boka er god. Opplesaren er Anders Ribu, som gjer ein glimrande jobb.

lørdag 6. oktober 2012
Hjortejakt i Mjeltvika
Minstemann og eg gjekk ut på tur før dei hine stod opp i dag, og turmålet var det han som bestemte. Det vart Mjeltvika, der haustfargane no er fantastiske langs vegen. No var det ikkje naturen han var oppteken av, bortsett frå at han hadde med seg våpen og skaut "hjort" langs heile turen. Eg fekk dessutan ein heil del informasjon om ulike våpentypar i dag òg.
fredag 5. oktober 2012
Bok 65 2012: "Mordet på Anonym" av Anonym
Viss ein skal gi denne boka ein sjanger-merkelapp, må det vere "krimkomedie". Eg er ikkje sikker på at den fungerer verken som kriminalroman eller komedie for meg, men det er ein lettlesen og til dels morosam roman som kastar sleivspark til både forfattarar, politikarar og media.
Mordet på den anonyme forfattaren finn stad om bord i ein flytande litteraturfestival der anonymitet som tema står heilt sentralt. Sentrale er òg kjende namn som Aslak Sira Myhre, Bjarne Håkon Hansen og Anne Holt, mellom mange andre. Her blir det harselert og herma i aust og vest, og noko av det mest morosame syntest eg var dei stadig oppdaterte "overskriftene" frå VG, Dagbladet og Nettavisen.
Eg er ikkje heilt sikker på kva forfattaren vil fram til med denne boka, anna enn å harselere, og eg synest sjølve historia blir tynn og uinteressant. Det er likevel underhaldande å lese dei ulike parodiane av kjende menneske som vert tekne på kornet. Knausgård snakkar til dømes med pompøst språk i eit langt avsnitt om korleis han tok seg ein røyk ute på båtdekket.

torsdag 4. oktober 2012
Polenkveld på Folkestad skule
Årets Polenkveld vart arrangert på tradisjonelt vis. Alle elevane i 10. klasse hadde vore med på turen med Aktive Fredsreiser, og alle hadde fått eit fagleg oppdrag før dei reiste som dei i kveld heldt presentasjonar om. Alt gjekk knirkefritt, og det var godt å høyre på dei trygge og flinke elevane som snakka om så sterke emne.
Storegut snakka om Stasifengselet, og det fekk han godt til. Han hadde arbeidd hardt med presentasjonen, og det verka som om han hadde øvd òg. Sceneskrekk har han i alle fall ikkje.
Etter presentasjonen fekk elevane ros og roser, og kontaktlæraren fekk òg ein flott bukett. 9. klassingane hadde matsal til inntekt for neste års Polentur, for dei har allereie hatt møte og bestemt at dei skal reise dei òg. Elevane på Folkestad er utruleg heldige som får høve til å reise på slike turar.

Kvalitetskurs i amerikansk kultur og politikk
Eg har vore på kurs med Ulla Rahbek før, og ho er berre ein fantastisk kapasitet når det gjeld å bruke skjønnlitteratur til å forstå samfunnsutviklinga. I dag tok ho mellom anna føre seg det amerikanske fridomsomgrepet uttrykt i litteratur før og etter 9/11. Det var berre fantastisk lærerikt!
Andre økt av kurset handla om det amerikanske presidentvalet, og om tips til korleis dette kan brukast i undervisninga. Eg veit ikkje kor mykje av opplegga eg kjem til å bruke, men noko av det er sjølvsagt aktuelt. Eigentleg var eg på kurs for å oppdatere meg sjølv fagleg, så eg hadde truleg sett meir pris på fleire reine førelesningar om dette vanskelege og interessante emnet.

onsdag 3. oktober 2012
Tur og trening
Etter ein relativt roleg fri-onsdag skulle dei to yngste på fotballtrening. Eldstejenta og eg nytta høvet til å gå oss ein tur på Folkestadsetra. Også der er det tydelege spor etter orkanen "Dagmar", og ikkje minst etter oppryddingsarbeidet i etterkant.
Då vi kom heim, sessa heile familien seg framfor tv-en og såg "Raske menn" medan vi åt ost og kjeks. Ingen skulle no tru at eg har vaska og rydda huset tidlegare i dag.

tirsdag 2. oktober 2012
Vått i Volda
Etter jobb i dag kom eg heim med småungane til ferdig middag. Eg fyrte i omnen og tok meg ein liten blund før eg måtte ut av stolen att. Veslejenta skulle nemleg spele kamp i Volda, og Eldstejenta skulle ein snartur på jobb.
Kampen enda med mange mål i motstandarane sin favør, og vi var temmeleg frosne då vi kom heim att. Desto betre kjennest det å drikke varm te, tenne lys og kose seg framfor tv-en med eit pledd rundt seg.

mandag 1. oktober 2012
Familietreff i Ørsta
Etter jobb i dag tok eg med alle ungane til Ørsta, der broren min med familie var på besøk. Dei har haustferie denne veka.
Ungane fann straks tonen, og vi hadde ein triveleg ettermiddag/kveld saman. Eg hadde gløymt kamera, men legg inn eit bilete som Eldstejenta tok av Minstemann på Kongsberg. Han vart to år i mars og er, som brørne, ein skikkeleg sjarmør!

søndag 30. september 2012
Korpsbasar på Folkestad
Både Veslejenta og Barnefaren har begynt å spele i korpset på Folkestad etter at korpset her i bygda vart lagt på is. I dag var det basar, og korpset spelte mange artige og fengande melodiar - til dømes "Beat it" og "Splitter pine". I tillegg var det tre jenter som spelte blokkfløyte og song, og eit lite jazzprega band som kallar seg "Café ensemblet". Minstemann var ikkje så begeistra for verken det eine eller det andre, men vi hine kosa oss med god mat, prat og underhaldning.
Søndag i Brundalen og Jolgrøsdalen
Turen i dag begynte bra, men så både regna og blæs det så fælt at det vart nesten umogleg å ta fine bilete. Det kom dropar på linsa, så dei fleste bileta frå turen var fulle av store, grå flekkar. Ein fin tur vart det uansett.
Bok 64 2012: "Sunset park" av John Auster
Boka er ein slags kollektivroman om fleire menneske med ulike problem og utfordringar i livet. Handlinga er lagd til eit USA i finanskrise, og mykje av handlinga går føre seg i New York. Det finst ingen klår bodskap i boka, anna enn at livet går vidare, og eg var sånn passe begeistra.
lørdag 29. september 2012
Laurdagstur til Alnes og Ålesund
I dag var det ein nydeleg haustdag, og endeleg kom eg meg av garde til Alnes fyr, eitt av turmåla som aldri vart noko av i sommar. Betre seint enn aldri!
Etter turen til Alnes gjekk turen til Aksla i Ålesund, der det var flott utsikt i alle retningar. Vi bur verkeleg i eit variert terreng her på Sunnmøre, og slike fine dagar får oss fort til å gløyme veker med skodde og regn.
Middagen vart servert på Taj Mahal, ein indisk restaurant i Kongens gate. Ein flott slutt på ein fantastisk dag.

Abonner på:
Innlegg (Atom)