søndag 8. juli 2018

Bok 46 2018: "Jenta uten hjerte" av Marit Reiersgård

Ei ung jente vert funnen død, og det viser seg at ho har stått i spissen for mobbing og utfrysing av andre. Parallelt kjem ein alkoholisert mann heim til mor si, og neste morgon finn han henne død i ein pøl med blod og lurer på om det er han sjølv som har drepe henne.

I denne boka gissa eg løysinga, men det var likevel veldig spennande å lese om bakgrunnen til dei ulike karakterane, og om korleis dei tenkte. Reiersgård er god til å skape karakterar, og særleg skildringane av sorg og sakn verkar svært truverdige.

Eg har liggande den tredje boka i serien òg, heldigvis!

Neverending story

Siste dagane har Minstemann og eg hatt eit prosjekt på gang i hagen. Tanken var eigentleg å klippe vekk noko av mispelbuskene, men no er vi i gang med å klippe/sage vekk alt saman. Det er hardt arbeid og går frykteleg sakte, men tanken er å få fjerna alt og kanskje erstatta det med plen.

Som bileta viser, er mykje av buskane daudt. Ei av årsakene til dette er truleg at noko/nokon har gnagd borken av stammane. Eg trur dei to gamle gyvlane mine har vore utsett for dette òg. Uansett trur eg hagen vil bli penare og meir lettsteld dersom eg får ein voll av plen i det aktuelle området. Så står det att å sjå korleis framdrifta blir.

Minstemann ryddar opp etter innsatsen dag 1

Utsikt frå verandaen dag 2

Dag 3 (Om lag 1/4 er fjerna)

fredag 6. juli 2018

Bok 45 2018: "Den lange, hvite skyens land" av Sarah Lark

Sidan eg har gjeve opp å få tak i dei følgjande bøkene i serien på lydbok, har eg no lånt dei i papirutgåver. Eg bestemte meg då for å høyre om att den første boka i serien, slik at eg skulle ha den friskt i minnet. Det angrar eg ikkje på, for dette er historisk melodrama på sitt beste.

Boka startar med at eit par kvinner skal reise til New Zraland. Den eine fordi ho ønskjer å starte eit nytt liv, den andre fordi ho er blitt spelt bort i kortspel. Med seg på reisa får dei ein flokk foreldrelause jenter, som skal brukast som arbeidskraft i kolonien. Livet påfører desse kvinnene stadig nye utfordringar, men òg nye gleder og etterkomarar. Midt i alt dramaet ser ein spor av ei faktisk historie, så ein lærer noko om landet med det same. Eg likte boka godt første gongen òg, og no ser eg fram til å lese dei følgjande bøkene i serien. Eg skal berre lese unna litt anna først.

torsdag 5. juli 2018

Bok 44 2018: "Stolpesnø" av Marit Reiersgård

Ein mann gr vesle Oda ein appelsin medan ho er i barnehagen. Seinare er ho ute og leikar i snøen, men blir brått borte. Har nokon bortført henne, og i tilfelle kven? Ei kvinne vert funnen død, men kven har drepe henne? Er der samanheng mellom dei to sakene?

Dette er ein spennande kriminalroman, og eg ser fram til å lese to andre bøker av same forfattar som eg har liggande på vent.

tirsdag 3. juli 2018

Utflukt til Ulsteinvik, Runde og Hareid

Mamma hadde eit ærend til Ulsteinvik, og eg hadde lyst til Runde og sjå ei utstilling av plastbos. Då eg nemnde planen om dette til systera mi, sa ho at vi var velkomne til Hareid etterpå. Det var bursdagen hennar, og ho ville gjerne ha oss på besøk.

Minstemann trengde ein hårklipp, så han og eg stod tidleg opp og kom oss av garde. Deretter henta vi mamma, og så tok vi turen ut i øyane. På Runde gjekk vi inn på Miljøsenteret og såg utstillinga av sjøfuglar og plast, og vi var òg innom og såg utstillinga av "Rundeskatten", som vart oppdaga i 1972. Det var ein uvanleg vakker dag, så det var ein fin tur med mykje fint å sjå og herleg sjøluft.

På Hareid fekk vi servert nydeleg rømmegraut og spekemat, og eg fekk overrekt 50-årsgåve. For ei tid sidan sa systera mi at ho ikkje hadde hatt tid til å strikke til meg i år, men så viste det seg at ho hadde hekla i staden! Eg vart mållaus, for det vakre teppet var berre nydeleg, og det må ha tatt uendeleg med tid og arbeid å lage det. Teppet blir eit smykke i stova, og hunden skal ikkje få kome nær det, det er i alle fall sikkert.









Bok 43 2018: "Det tomme hus" av Sir Arthur Conan Doyle

Eg hadde ein plan om å lese heile serien med bøker om Sherlock Holmes, men det blir visst med dei
tre eg no har lese. Denne er ei novellesamling, og nokre av dei er gode. Samtidig er dei noko repetitive og føreseielege, og språket er gamaldags og tungt å lese. Skal eg lese fleire bøker om Sherlock Holmes, skal eg lese dei på engelsk.

Hagedag

I dag var det så varmt ute at eg ikkje orka anna enn å vatne hagen. Litt luking vart det, og litt lesing i sola, men mest vatning. Eg hadde eigentleg tenkt meg på handel, men så vart eg billaus igjen og måtte halde meg heime.

Om kvelden grilla vi på verandaen. Då hadde sola gått ned og skodda kome sigande, så idyllen var ikkje den same.
Endeleg spratt ei slik lilje ut. Eg har mange som står med knoppar.

Planta i fjor

Denne trudde eg var daud eller at eg hadde luka den vekk. Kjøpt og planta i fjor, kjem att litt stakkarsleg i år.

Timian - eller ugras? Eg planta timian i fjor, men synest den har spreidd seg veldig fort...

søndag 1. juli 2018

Handle til hagen

I dag fekk eg endeleg att bilen, som har vore på tur til Trøndelag sidan torsdag. Både gut og bil kom heile heim, heldigvis. Sidan mamma hadde hinta i sosiale medium om at ho hadde lyst å handle blomar, og eg sjølv hadde rensa plass til fleire plantar i beda mine, tok eg turen til Ørsta. Der fekk eg is og kaffi og ein god prat før vi kom oss av garde.

I handlekorga mi hamna ein rosa rododendron, som no var halv pris på. Eg var spent på om det var sameleis som den eg planta i fjor, men det var det heldigvis ikkje. Den eg kjøpte i fjor var lysare rosa enn på biletet, og no håper eg den nye er litt meir knall. Bileta lyg veldig når det gjeld farge. I tillegg kjøpte eg ein rosa høstphlox, som er ein blome vi hadde mykje av heime i min barndom. Eg er noko sentimental for tida, jamfør kjøp av løytnantshjarte ved førre vitjing til hagesenter. Siste plante var ei raud rose. Det var minst to rosebusker som ikkje overlevde vinteren, så ein må fylle på med nytt. Neste rosekjøp blir til 22. juli. Ved inngangen til hagesenteret kjøpte eg dessutan ein sekspakning med sommargeorginer, og så tok eg med fem sekkar med mold.

Mamma hadde tatt av ein avleggar av salvie og ein gyvel til meg, så det drog gjennomsnittsprisen noko ned...

Då eg kom heim, angra eg litt på alle kjøpa. Det var steikande varmt, og då eg begynte å sprute vatn med hageslangen vakna kleggane til live. Alt kom i jorda, eit par stauder vart flytta og beda vart vatna rikeleg. Det er utruleg tørt når ein begynner å grave litt, så det måtte mykje vatn til.

Eg likar å styre i hagen, som nemnt før, sjølv om det kan vere eit Sisyfosarbeid å halde beda nokolunde fine. Her er ei mager leirjord frå naturens side, men eg gir ikkje opp å få plantene til å trivast, og eg gledar meg over alt som veks og trivst, bortsett frå at eg har eit noko anstrengt forhold til smørblomar.



lørdag 30. juni 2018

I never promised you a rose garden

I to dagar har eg nesten budd i hagen. Sola har skine frå blå himmel, og temperaturen er på veg opp.

Fredag klipte eg først plenane. Graset hadde ikkje vakse så mykje, men plenane blømde av diverse kløver og tusenfryd, så det såg langt betre ut etterpå. Deretter gjekk eg laust på eit bed som var fint før vi reiste på tur, og det var ganske fort gjort å få ordna. Dei lilla rosene veks der, og den busken har fått eit oppsving etter at eg kolva ein sekk kugjødselkompost den i det bedet. Etterpå begynte eg på det gigantiske staudebedet, men der vart eg ikkje ferdig med det eg hadde tenkt. Hovudsakleg var det å luke og hakke vekk gras og ugras, men så har eg nokre prestekragar som spreier seg så mykje og som eg vil flytte til andre stader.

I dag gjekk eg først i gang med det gigantiske bedet, som eg no har forstørra (der ligg enno plast på ein liten del av bedet, så eg blir ikkje ferdig i år heller. Arbeidet var ikkje spesielt tungt, men det tok tid å riste av molda av torv som eg hakka vekk. No har eg gjort klart for fleire plantar, så det spørs om eg ikkje må ta meg ein tur på hagesenter i morgon, sjølv om det er søndag. På sikt skal eg plante fleire roser (22. juli-tradisjonen min), men det kan hende eg finn noko anna eg vil satse på òg. Det meste i beda mine har eg fått gratis som avleggarar, og då er det kjekt å supplere med litt andre sortar òg. Skulle eg ha kjøpt planter til alle beda, ville det ha kosta ein formue.

Medan eg arbeider i hagen, får eg god tid til å filosofere. I dag tenkte eg mellom anna på blomebedet på Utvær, og kor grøderikt det er her i forhold. Eg trur eg har luka vekk og klipt nok plengras til å fø ein sau, og her kastar vi berre alt til kompostering. Det same gjer dei på dei fleste gardane her i bygda; ein slår med slåmaskin og let graset ligge att og rotne. Med tanke på generasjonane før oss, som sleit for å skaffe til gards nok fôr, er det noko respektlaust å la norsk jordbruk forfalle. Samtidig kan ein ikkje forvente at folk på bygda skal drive gard av rein idealisme.
Desse var her då vi flytta inn, og dei veks villig ved verandaen og luktar fantastisk

Denne lilla rosa er favoritten min. Tidlegare år har knoppane ofte berre rotna vekk utan å sprette ut, men i år blir den fin!



torsdag 28. juni 2018

Bok 42 2018: "Talte dager" av Heidi Linde

Vanlegvis skriv Linde morosame bøker om alvorlege tema, men denne boka har eit heilt anna preg. Først og fremst komposisjonen er original, sjølv om det er ein kjend teknikk spesielt frå filmar. Fleire lagnader er skildra gjennom små forteljingar, og til saman utgjer dei ein heilskap som fører til at menneske møtest tilfeldig og det får alvorlege følgjer. Ei fin, men noko dyster bok.

Begavelse

Det har blitt nokre blomar og gåver i høve jubileet mitt. Ei nabovenninne kom med eit nydeleg keramikkhus som ho hadde kjøpt på Sommarfesten i bygda (som eg gjekk glipp av på grunn av russejubileum). Eg hadde sett bilete frå salsutstillinga og sett akkurat på dei husa, så det var veldig kjekt å få eit til odel og eige. Det skal vere telys i, og eg trur eg må investere i elektriske telys.

I Solund fekk eg, i tillegg til det eg allereie har lagt ut bilete av, ein heimelaga pose til å ha bunadskor i. Den var verkeleg kjekk - ikkje minst fordi den hadde påbrodert namnet mitt. Før konfirmasjonen stod eg med tre par bunadskor og lurte på kven som eigde kva, så det var ein veldig god idé. Det er kusina mi som har sydd bunad både til Eldstejenta og meg, og ho er utruleg flink til å sy. Ho viste oss andre typar posar til bunadskjorte og dåpskjole som ho hadde sydd.

Tusen takk for gåvene!


26. juni 2018

Tysdagen var vêret meir strålande, og vi fekk etter kvart høyre at dronning Sonja var på Utvær denne dagen. Vi kunne altså ha risikert å møtt henne.

Eigentleg hadde eg tenkt å gå på fjellet i indre del av kommunen, men så vart det mest rett å vere nær der Pappa vaks opp, og der Mamma fekk lærarjobb i 1958. Det vart derfor til at vi gjekk på "fjellet" Dyngja i Trovågen, der vi hadde nydeleg utsikt mot Utvær og elles heile øyriket. Eg er så glad i den golde naturen der ute, og det er så lett og fint å gå tur i terrenget der. No har turane blitt merka, så det er lettare å gå enn nokon gong. Til Dyngja kan ein jogge på fem minutt.

Etterpå skulle vi ta avskil med slekta, men då viste det seg at Onkel var ute og drog krabbeteiner. Vi fekk dermed vere med på ein skikk der ute; å sitte på brygga og ete nykokte krabber. For oss landkrabbene vart det ei flott oppleving. I min barndom sat vi mykje ute på berga rundt huset til farmor og knekte krabbeklør med stein. Brygga bak butikken ligg i ly for nordavinden, så det var verkeleg ein idyllisk ettermiddag.

På ferja til indre møtte eg søskenbarnet mitt som bur på indre, og ho inviterte oss opp til seg ein tur. Det vart berre jentene og eg som for opp, for Storegut hadde ikkje vore i strøk eit par dagar og ville kvile seg før han køyrde heim neste dag. Minstemann heldt han med selskap og passa hunden.



Trovågen sett frå Dyngja













Garden der far min vaks opp

Skulen der mor mi var lærar 1958/59


Trovågen sett frå fjøra






25. juni 2018

Då eg planla denne reisa, hadde eg eit sterkt ønske om å reise til Utvær fyr. Det går diverse rutebåtar og turbåtar dit, men onkelen min hadde sagt han ville skysse oss dit. Vi reiste derfor i båt frå Nåra, med omvising og forklaring av lokale fenomen på reisa ut. Det var fantastisk å få reise sjøvegen i Sula, det kjennest liksom meir rett, på eit vis. Sjøen var veldig roleg, så turen vart fin slik sett òg. På Utvær fekk vi omvising i fyret, og så fekk vi sett oss omkring i det vesle samfunnet der ute.

På returen spurte Onkel om vi ville sjå den kongestatuen vi hadde snakka om tidlegare, og det ville vi sjølvsagt. Ein privatperson kjøpte den berykta statuen, som fleire hadde meint såg ut som om Olav 5. gjorde nazihelsing. Statuen står plassert ved sjøen i Skjerjehamn, der den helsar båtfolk velkomne. På veg en dit stakk vi så vidt innom tanta mi i Kversøyna, Byrknes.

Vel attende på Nåra fekk vi servert deilig middag, og så prata vi og kosa oss der til vi måtte ta ferja inn att.











Paradis, ein liten hage i eit lunt område