onsdag 2. april 2014

Fri-onsdag

Det er nokre veker sidan sist eg hadde fri ein fri-onsdag, men i dag hadde eg det meste av dagen til rådvelde. Minstemann og eg hadde ein roleg frukost, deretter gjekk vi oss ein tur i bygda og såg etter vårteikn. Planen var å ta bilete av vårteikn, noko vi gløymde heilt av. Det vart berre til at eg knipsa eit par bilete i hagen då vi kom heim.
Veit ikkje kva denne heiter, men den blømer på berre kvistar no. Seinare får den grøne blad og ser heilt ordinær ut.

Dei små påskeliljene vi sette laukane til sist haust er på full fart inn i bløming til påske.

Seinare på dag fekk Minstemann besøk av ein nabokompis, og eg sette meg til med ein rettebunke som eg fekk inn fredag, men som eg ikkje får ut att før neste veke.

I kveldinga reiste eg til Volda på årsmøte i lokallaget for Utdanningsforbundet. Det er viktige og spennande tider med forhandlingar om arbeidstid og løn, mellom anna, og vi fekk ei grundig og god innføring i kva forhandlingane kjem til å dreie seg om.

7 kommentarer: