tirsdag 1. april 2014

Bok 27 2014: "Kjente jeg deg?" av Trond Tendø Jacobsen

Rolf Jacobsen var lenge min favorittlyrikar, både då eg gjekk på vidaregåande og då eg studerte. Etter at eg begynte å arbeide som lærar, vart eg kjend med lyrikaren på nytt. I mellomtida hadde nemleg litteraturhistorikarane begynt å ta med stoff om Jacobsens fortid innanfor NS under andre verdskrig.

Trond Tendø Jacobsen er eldste sonen til Rolf Jacobsen, og i denne boka har han samla brev, dikt og anna skriftleg materiale, i tillegg til at han sjølv fortel. Han vil få fram noko om livet til foreldra, og om korleis dei tenkte og følte under krigen og medan Rolf sat i fangenskap etter krigen, etter å ha blitt dømd for landssvik.

Breva er slett ikkje prega av politikk, men det handlar svært mykje om trivialitetar som økonomi og matlaging. Rolf blottlegg kjenslene sine for kona Petra på ein svært inderleg måte, samtidig som dei begge må slite og streve for å halde hjula i gang. Petra startar med syarbeid medan mannen er på straffarbeid, og talet på kundar seier sitt om at sambygdingane tilgav landssviket.

Boka har lite allmenn interesse, vil eg tru, for den er svært detaljert og inneheld i overkant mange brev og detaljar til at den skal kunne nå ut til eit stort publikum. Den vart skrive i høve 100-årsdagen for Jacobsens fødsel i 2007, og ein skal vere svært interessert dersom ein skal lese den frå perm til perm. Sjølv må eg innrømme at eg har lese delar av den svært fort, men andre delar har eg sett stor pris på å lese. Eg føler at eg "kjenner" Rolf Jacobsen etter å ha lese dei svært personlege tekstane hans.

9 kommentarer: