onsdag 20. februar 2013

Vinterferie 2013 dag 3

I dag har vi hatt middagsselskap med 13 til bords. På menyen stod lasagne, salat og foccaccia (Lars spesial) til middag, og karamellpudding (tantes spesial), bringebærostekake og snickerskake til dessert.

Minstemann hadde forlangt å få på ny skjorte, slips og besteskor, medan resten av slekta stilte i litt meir avslappa stil. Etter middag stilte han som entertainer med pianospel og vitselesing.

Når slekta har reist, sit vi att og kosar oss med tv, matrestar og brettspel. Ein koseleg feriedag!

3 kommentarer:

  1. Og vi er vel heime etter ein koselig ettermiddag/kveld. Takk for ei koselig stund.

    SvarSlett
  2. Sjølv takk for besøk og blomar!

    SvarSlett
  3. Takk for oss! Mykje god mat og prat!

    SvarSlett