søndag 4. august 2024

Bjørnasethornet (739 moh)










Då Veslejenta fekk ein fridag, tok vi med oss hundane og gjekk på fjelltur i nærområdet. Det var ei stund sidan sist eg var på Bjørnasethornet, og stien var langt tydelegare enn eg hugsar frå tidlegare. Både folk og fyr storkosa seg på toppen, der utsikta er fantastisk utover Voldsfjorden.

lørdag 3. august 2024

Bok 23 2024: "En mor i Bjugn" av Jorid Hammern


Bjugnsaka rysta landet tidleg på 1990-talet. Eg hugsar at vi snakka mykje om den heime, spesielt fordi mannen i huset var nyutdanna førskulelærar, men også ute blant folk var saka mykje diskutert. Det som starta som skuldingar mot ein barnehagetilsett, utvikla seg til å bli ei utruleg historie om ein pedofiliring der til og med lensmannen spelte ei rolle. Denne boka er skrive av kona til den barnehagetilsette Ulf Hammern, og det er interessant å høyre korleis ho opplevde denne vanskelege tida. 

Bok 22 2024: "Barnepiken i Knutby" av Thomas Sjöberg


I denne boka får ein lære meir om Knutbydrapa, der ein predikant overtydde ei ung kvinne til å ta livet av kona hans og mannen til elskerinna hans. Det er ei rystande og dramatisk historie frå verkelegheita, og boka er svært interessant og godt skrive.

fredag 2. august 2024

Bok 19, 20 og 21 2024: "Septologien" av Jon Fosse




Bokserien er fordelt på tre bøker, sjølv om det altså er ein septologi. Bøkene fortel historia om to som heiter Asle, som begge er målarar og som liknar kvarandre av utsjånad og bakgrunn. Vi følgjer mest den eine og får høyre om problem og gleder han har hatt i livet. No lever han aleine, og på ein tur til "Bjørgvin" møter han den andre Asle, som har hatt sine eigne problem i livet. Forteljingane blir vovne saman, samtidig som fprtid og notid òg flyt saman. Eg likte desse bøkene svært godt.