søndag 8. september 2024

Genser nummer 66: "Alexander" av Rauma resirkulert


Til bursdagen min fekk eg ein stor pose med gråbeige resirkulert garn. Eg likte fargen godt, så eg la berre til noko offwhite garn til mønsteret. Eg strikka ein genser til Storegut i dette mønsteret for ei tid attende, og eg likte det så godt. Garnet er mjukt og lett å strikke med, men det luktar litt sau. No skaleg vaske genseren, så då får eg kanskje ut litt av den lukta. Eg har att meir av garnet, men må tenkje litt over kva eg skal lage av det. Eg har som mål å strikke ferdig ein del prosjekt eg har liggande på vent, og så tenkte eg å få brukt noko restegarn. Dette garnet kan eg bruke saman med lettlopi, trur eg, og det har eg mykje restar av.

Kornbergveten 577 moh






Laurdag 7. september var òg ein nydeleg dag, og Veslejenta og eg tok med oss alle tre hundane på ein lengre tur. Kornbergveten er ikkje eit høgt fjell, men turen er ei mil lang (tur+retur). Den er ikkje spesielt bratt, men med den traséen vi vel, er det nesten ikkje skog og veldig fin utsikt det meste av tida. Vi møtte både folk og dyr, spesielt ved "Galten" på veg opp. Det var vindstille og varmt med strålande sol, så vi hadde for lite vatn med oss, men vi fann heldigvis nokre søyler med vatn til hundane undervegs. Det var litt disig luft, ikkje så klår luft som det plar vere om hausten, men det er vakkert å sjå fjordane møtast og dei vakre fjella i syningom. Turen tek eit par timar kvar veg.

Bok 24 2024: "Amerikansk karmageddon - Tanker om mitt fordømte fedreland" av Thomas Seltzer


Denne boka har eg kosa meg med lenge, og delar av den har eg høyrt fleire gonger for å få med meg alt. Eg har sett stor pris på dokumentarprogramma til Thomas Seltzer om USA, og boka omhandlar mykje det same. Polariseringa politisk og den økonomiske situasjonen blir grundig forklart gjennom historiske hendingar og kulturelle fenomen. Forfattaren les boka sjølv, noko som gjer det enda kjekkare å lytte til lydboka. Det var nesten litt trist når boka var slutt, og no håpar eg inderleg det snart dukkar opp ein ny dokumentarserie i høve årets presidentval. Dette er noko eg er svært oppteken av, både som privatperson og engelsklærar.

Tur til Runde, Kvalsvik og Fosnavåg

 Fredag 6. september var min første fri-fredag i haust, og vêret var strålande. Veslejenta hadde også fri, og ho hadde sete heime med pensumlesing det meste av veka, så utferdstrongen var stor. Vi reiste derfor til Ørsta og henta mor/mormor, og så køyrde vi til ytre strok. Planen min var å køyre til Nerlandsøy, men på grunn av manglande kartlesing enda vi først på Runde. Der var varmt og fint, men havskodda var ufatteleg tjukk somme stader. Dette gav øya eit trolsk preg. Vi tok oss ein bruspause på kaféen på miljøsenteret, og så hadde vi ein litt spennande tur over brua på veg innover. Deretter køyrde vi til Nerlandsøya, der det er mange fine turar ein kan gå og mykje å sjå. Eg ville sjå storbåra bryte mot land, men det var så vindstille og fint at det vart dårleg med denslags. Eg gjekk ut til fyret på Golleneset, men dei hine stogga då stien vart vanskeleg å gå på.









Svoltne (og våte på beina) reiste vi deretter til Fosnavåg og åt middag på kinarestauranten der. Mamma vart dårleg etterpå og frykta matforgifting, men vi åt alle det same og berre ho vart dårleg.

Så kom sommaren - i september

Etter ein mildt sagt regnfull august, vakna vi 1. september opp til ein nydeleg sommardag. Dette var konfirmasjonssøndag i bygda, så det passa svært godt. Sjølv hadde eg diverse som skulle gjerast både ute og inne, men hundane fekk seg ein tur i Mjeltvika. Slike dagar er balsam for sjela!


Teppe på golvet...





Etter at vi fekk kvelpane i hus, kasserte vi dei gamle teppa i stova. No var tida koma for å prøve på nytt, då dei nye hundane er husreine og det var sal på teppe på Europris.