mandag 20. januar 2025

Vår i januar




Laurdag 18. januar var ein nydeleg, mild dag (om lag 10 grader). Vi bestemte oss for å gå ein lengre tur, og derfor enda vi opp med å køyre opp til skisenteret i Volda (Reset) og parkere bilen. Dette er det eine endepunktet for vegen over fonnvernet, den såkalla "Panoramavegen". Det var nesten flatt å gå veldig lenge, men plutseleg kom vi til nokre bratte nedoverbakkar. Då fekk vi den same idéen samstundes, at vi hadde ein bil til nede i Volda sentrum. Vi gjekk dermed heile Panoramavegen, som verkeleg har ei nydeleg utsikt over Volda og fjella rundt, og så gjekk vi gjennom byggefelta ned til sentrum. Det går mange stikkvegar frå Panoramavegen til ulike bustadområde, og det var mange som gjekk der denne dagen. Det var fin sol innimellom, men ein del skyer òg. 

Etter turen skulle vi handle litt, og vi var svært stolte av å ha vore så spreke (vi gjekk i nesten tre timar). Vi var dessutan svoltne, og brått hadde vi hamna på Burger King, der dei serverte påfyll av kaloriar.

Bok 2 2025: "Fars rygg" av Niels Fredrik Dahl



Dette er den beste boka eg har lese på lenge! Ein møter ein familie med ein dominerande far og ei noko stakkarsleg mor, og hovudpersonen er sonen som veks opp på ulike stader, møter ulike menneske men ikkje er heilt heime nokon stad. Mora leikar skule med han i Egypt, deretter blir han send for å bu hos framande i Oslo og til ein internatskule i Sveits. Heile tida anar ein at han ønskjer å bli akseptert av faren sin. Forteljaren er sonen til guten i familien, og han fortel ei sterk historie om einsemd. 

Denne romanen vart tildelt Nordisk råds litteraturpris i 2023, og det forstår eg godt.

Bok 1 2025: "Faen ta deg" av Niels Frank


Ei kvinne går frå mannen sin etter mange års psykisk vald, og mannen skyt henne. Dette er kortversjonen av innhaldet i denne boka, som faktisk vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2023. Eg syntest ikkje den var imponerande godt skrive, men temaet er sjølvsagt høgaktuelt. Forfattaren skriv at han noterer ein del undervegs, og boka ber noko preg av å vere skrive litt etter innfallsmetoden. Han legg heller ikkje skjul på kva han synest om ex-svogeren. Boka fortel om tida før drapet, men mest om oppgjeret og rettssaka etterpå. Ein får dessutan innsyn i korleis angsten bit seg fast i dei pårørande. Alt i alt var dette interessant lesestoff.

søndag 12. januar 2025

Søndagstur på Bjørkedalen etter første veke på jobb i 2025


Første jobbveke etter jul var passeleg travel når det gjaldt jobb, og det var ingen politiske møte eller andre aktivitetar i fristida, bortsett frå at vi jobba inn ein planleggingsdag ved å jobbe til 18.30 på måndagen. Pangstart, med andre ord. Det store stresset vart at bilen fuska veldig med å starte, og torsdag og fredag måtte Veslejenta køyre meg til ferjekaia om morgonen og hente meg der om ettermiddagen. På hi sida vart det delvis skyss, og delvis gjekk eg til og frå kaia. Fredag etter jobb køyrde vi til Eid for å kjøpe startkablar og diverse, og laurdag morgon starta bilen min straks, så vi tok den med på tur til Eid for å handle mat, hundemat o.l. Også i dag, søndag, starta bilen, og no håpar eg at den startar i morgon, slik at eg får tatt den med til verkstaden i Volda. Anten er det noko gale, eller så treng eg ein motorvarmar. 

Laurdag kveld hadde ei nabovenninne kalla inn ein gjeng til lystig lag med mat og drikke, og det var veldig hyggeleg! Det blir mykje jobb og familieliv på oss alle, og ein møtest altfor sjeldan til sosiale samkome. Vinklubben er eit unntak, men det er no kjekt at karane òg kan vere med av og til.

Veslejenta og eg gjekk ein lang tur på Bjørkedalen i dag, og det var nydeleg med 0 grader og vintervêr. Meldingane handlar om mildvêr, storm og regn, så det var berre å nyte medan vi kunne. 

Vel heime laga eg brennsnut der eg putta oppi ein kveil julemôr og pinnekjøtrestar. Veslejenta rydda ut resten av julepynten medan eg laga mat, så no er vi attende til kvardagen interiørmessig òg. 

Genser nummer 71: Fanagenser til meg sjølv

I ungdomen hadde eg ein kvit og grå fanagenser som eg brukte mykje. Eg vart faktisk avbilda i lokalavisa iført same genseren med to års mellomrom, så det seier vel sitt. No har eg strikka meg ein kvit og grå fanagenser - mjukare enn den gamle, men ikkje fullt så fin. Rundfelling er kjekt å strikke, men isette erme er penare, i alle fall på Fanagenser.

1985 - eit møte om gjenopning av kommunal fristidsklubb


1983, i samband med ungdomsspalte i avisa

søndag 5. januar 2025

Godt nytt år!


Det viktigaste ønsket mitt for det nye året er sjølvsagt at det må bli fred på jorda. Det seier seg sjølv. Elles håpar eg sjølvsagt at folk slepp å vere sjuke og triste, sjølv om eg innser at det ofte er ein del av livet. 

For min eigen del håpar eg på eit meir aktivt år reint fysisk, for det har blitt mykje stillesitjing både på jobb, i politikken og hobbymessig. Påfunnet mitt om å lage ein motivasjonskonto der eg set inn tilsvarande spart ferjebillett dersom eg ollke tek med bilen over fjorden, skal vidareførast så snart det ikkje er glatt på vegane. Eg er ikkje glad i vinter med det den inneber av holke, kulde, isskraping og snømoking, så eg håpar det ikkje blir for gale med denslags. Samstundes er dette små problem i ein større samanheng, og eg lever eit godt liv og er nøgd med det. Kvardagen kjem sigande på, og det er greitt etter ein lang ferie med mykje rangling og god mat. Det har vore fint å ha flokken samla, men også deilig å roe ned aleine. 

Desember 2024








Etter ein svært travel haust vart desember i overkant strevsom. I politikken har det meste dreia seg om budsjettarbeid, som kom i hamn med eit resultat eg er nøgd med. Jobbmessig vart eg ferdig med rettebunkane 10. desember, etter fire helger med intens retting. 13. desember hadde eg munnleg tentamen med norskklassa mi, og deretter var det julebordhelg i Fosnavåg. Etter dette begynte eg å hangle, og siste jobbdag måtte eg heim etter avslutninga med elevane, og gjekk såleis glipp av julegudsteneste og julelunsj med kollegaene. Eg vart liggande sjuk eit par dagar, men måtte kome meg på butikkar for å handle inn mat. Gåvene var eg heldigvis ferdig med. Julaftan feira eg i nokolunde oppegåande form saman med Bladfyken, og andre juledag var eg erklært frisk og kunne reise til Ørsta i juleselskap. Ungane feira jul med faren i år, men vart med meg heim etter selskapet. Så fekk vi fine dagar med turgåing, brettspel og mat. Ungane er flinke til å lage mat, så det vart oftast dei som stod for det, noko som kom vel med når mora framleis var slapp. Nyttår feira vi her heime, og då var Svigerson  og Bladfyken her òg. Storeungane laga nydeleg kalkunmiddag, og rundt midnatt reiste vi til Folkestad for å sjå fyrverkeriet på hi sida av fjorden. I tillegg var det flott nordlys denne kvelden.


2024 har vore eit innhaldsrikt og hektisk år for meg, men det har vore mykje gøy og interessant på vegen dit. Eg har fått mange positive tilbakemeldingar på arbeidet eg gjer på jobb og i politikken, og det er både hyggeleg og rørande. 

Genser nummer 70: "Efterår" i Viking Eco Highland wool


Etter å ha strikka ein genser i dette garnet til Svigerson, ville eg strikke ein til meg sjølv frå same oppskriftsheftet. Flettemønster krev konsentrasjon, maskemerkarar og notatar, så ein kan ikkje prate for mykje medan ein arbeider. Eg er nøgd med resultatet og har planar om fleire av same sort (og garn på lager).

Genser nummer 69: "Eftirvænting" i léttlopi


Etter eit vulkanutbrot på Island i fjor fekk eg ein idé om å strikke ein vulkaninspirert genser i léttlopi. Eg brukte mønsteret til ein av favorittgenserane mine, som er strikka i lyseblått med mønster i beige og brunt, så denne vart svært ulik. Eg hadde gløymt at mønsteret stort sett er strikka med tre fargar om gongen, men det gjekk no bra til slutt. Eg hadde restar av mørleraudt frå før, men supplerte med gult, orange og lys oskegrå, og bolen er i mørk oskegrå - det syntest eg ville passe. 

Genser nummer 68: "Delaware"

 


Denne genseren fall eg pladask for, trass i at den kracde tynne pinnar og dermed mykje arbeid. Den finst som strikkepakke både i burgunder og blått, og eg kjøpte begge. Garnet er Gann tynn merinoull, og fargane på denne er bordeaux, mørk bringebær og natur. Eg er ikkje veldig begeistra for kvaliteten på garnet, men genseren er fin. Eg fekk den ferdig til budsjettmøtet i midten av desember.

Bok 36 2024: "Kinamann" av Brynjulf Jung Tjønn


Etter at forfattaren var på vitjing hos oss på jobb, las eg mange av dikta hans og har brukt dei i undervisninga. Denne boka er ein roman, men den har mange sjølvbiografiske trekk. I boka møter vi ein ung vaksen mann som fortel om oppveksten sin som adoptert koreansk sogning, og om livet hans seinare. I boka reiser han til Sør-Korea for å finne ut meir om seg sjølv og skrive på si neste bok. Dette er ei god og interessant bok som fleire bør lese. Den er lettlesen og enkel, men likevel viktig.