søndag 12. oktober 2025
Bok 33 2025: "Dødelig skygge" av Egil Foss Iversen
Ein serie valdtekter skjer i Bergen, og den ukjende gjerningsmannen blir omtala som "Skyggen". Så blir eit tjue år gamalt lik funne på ein gravplass, gøymt i ei anna grav. Det blir noko usikkerheit rundt kven kvinna er og kvifor og korleis ho er blitt drepen og gøymt. Politiet og Salomonsen samarbeidar i arbeidet med å finne løysinga på fleire saker, der nokre av løysingane er meir føreseielege enn andre.
Bok 32 2025: "Dødelig jakt" av Egil Foss Iversen
Politiet blir oppringt av ei ung jente som har gøymt seg i eit kott. Jenta skrik "han dreper henne", og når politiet kjem til åstaden, finn dei ei død kvinne. Parallelt har ein kirurg blitt anklaga for uaktsam åtferd som resulterte i at ein gut på fem år døyr. Kan sakene ha samanheng? Igjen er det duka for avsløringar av hemmelege forhold, utruskap og intrigar.
tirsdag 7. oktober 2025
Haustferien som vart annleis enn forventa
I sommar planla jentene og eg at vi skulle reise til Paris i haustferien. Alt var bestilt og betalt, og siste veka på jobb var godt i gang då eg brått fekk livet snudd på hovudet. Bladfyken min har vore i dårleg form i lengre tid, og han hadde lova å gå til lege etter at eg kom heim frå Paris. Søndag gjekk vi på kino, og då pusta han så fælt at eg sa eg ville køyre hanpå legevakta. Det nekta han, men lova å bestille legetime måndag morgon. Han fekk time tysdag, og då vart han lagt direkte inn på sjukehuset. Dei ringde til meg då eg akkurat var ferdig med undervisning og elevsamtalar, og så var det berre å køyre rett til sjukehuset og besøke han på intensivavdelinga. No har det gått ei veke, og tilstanden hans er langt betre, heldigvis.
Jentene reiste til Paris utan meg, og eg har begynt å spare til ein ny tur - når alt har roa seg. Livet og helsa er viktigare enn all verdas reiser.
mandag 6. oktober 2025
Bok 31 2025: "Dødelig vennskap" av Egil Foss Iversen
Ei rekkje dødsfall skjer. Ei kvinne vert slått med eit balltre til ho døyr, ein skalla mann får støyt då han har med seg hårfønar i badekaret, ein mann vert skoten og eit par vert sprengde i lufta. Kan desse hendingane koplast saman? I dette tilfellet syntest eg løysinga var nesten klisjémessig enkel, og eg lurer litt på kvifor eg held fram med å lese serien. Eg plar fullføre seriar, det er vel der det ligg.
torsdag 2. oktober 2025
Bok 30 2025: "Dødelige løgner" av Egil Foss Iversen
var litt misnøgd med førre bok i serien fordi eg meinte ein fekk vite for lite om motiv og framgangsmåte, og forklaringa på det var at denne neste boka i serien var eit framhald der ein fekk vite meir om motiv og framgangsmåte, i tillegg til at historia fekk fleire vendingar. Avslutninga vart no kanskje i overkant langdryg, men ein fekk i alle fall avslutta denne saka.