søndag 2. august 2020

Prosjekt badekar 2: nedvask

Etter å ha fått stengt av slik at det ikkje lenger rann vatn ut av hola i veggen, fekk eg sjølvsagt nytte av vatn elles i huset. Dette gjorde òg at eg fekk vaska ned "oppebadet" - det vil seie tak, vegger og golv. Det var sjølvsagt skitnast i kråa bak dampdusjen, men det var relativt fort gjort å vaske resten òg. Golvet vart skrubba etter alle kunstens reglar, og alt står no klart til montering av badekar. Det vert ein del rot elles i huset òg medan eg held på, men det er greitt å gjere skikkeleg det ein gjer.

1 kommentar:

  1. Det var bra det vart så fint inn-vêr i dag, elles hadde det vorte tungt å ikkje gå ut. Well done! får eg vel seie-du imponerer stadig.

    SvarSlett