Kvart år, omtrent på denne tida, tek eg med ungane på ein handlerunde før skulestart. Det er så mangt ein treng, og det er greitt med noko nytt for å markere overgangen til kvardag. Vi har kjøpt brede, matboksar, klede, permar og diverse. Då eg spurde Minstemann om han trengde tusjar, svara han "neeeeei, men legoen min e litt kjedelig, so ej trur ej trenge litt ny..."
Dei tre yngste skal gå på same skule, og vi kjøpte nye "første-skuledag-klede" til dei med ein plan om at dei skulle stå litt i stil. Gamla har nemleg ein pussig fiks idé om at ungane skal stå i stil til kvarandre. Eldstejenta nektar sjølvsagt å vere med på notane, men Gubben vart litt misunneleg på buksa til Nummer 2 (heilt til venstre - kleda er sorterte etter alder på borna). Eg trur forresten han hadde ei liknande på 80-talet...
Eg beundrar effektiviteten! Eg føler vi har shoppa i heile sommar, og var ikkje i shoppemodus i dag. Det vart med litt mat på Mega. No har vi ete coop-kjøtbollar."Er dei ekte?" var spørsmålet. Det var dei visst ikkje når dei var kjøpte. No kokar eg saft og sylte. Det har sine fordelar å ha full frysar.
SvarSlettFine kle, gløymte eg å skrive, men eg sa det vel!?
SvarSlettJa, du var no delvis med og overvar seansen...
SvarSlettJa, det er ikkje vanskelig å kle opp ungar i dag i høve til korleis det var for ein generasjon sidan. Då var utvalet dårlig og prisane høge samanlikna med i dag. Problemet i dag er vel heller sjølve valet-å finne noko ein er nøgd med.( Dette gjeld sjølvsagt for vaksene også.) Kjekt å kle opp ungane til skulestart!
SvarSlettEg er redd det ikkje var gjort med dette. Men vi er i gang!
SvarSlettSkor er eit anna prosjekt. No håper eg at alle føter her i huset er utvaksne. Det er fotball, grus og gras, eller kunstgras, innesko, joggesko og noko å gå i på skule til anne mann.......
SvarSlettFor ikkje å snakke om støvlar, fjellskor og cherroxar... Her i huset er det tre i same str, og det forenklar litt. Må til å leite fram ballettutstyr og slik òg - håpar det frå i vår passar enno.
SvarSlettDu veit eg har anbefalt knaggrekker og eit nett til kvar aktivitet. Så slepp ein "Hvor er buksa mi, ...." i siste liten.
SvarSlettJa, det er eit tips eg skal ta med meg no når kvardagen begynner igjen.
SvarSlett