mandag 18. august 2014

Skodd og kledd for haust

Goretex-skorne mine dreg til seg vatn som svampar. Det same kan ein seie om softshelljakka, som eg har hatt i mange år. For nokre veker sidan sette eg meg derfor til med nettshopping, og bestilte ei fleecefôra regnjakke, eit par goretex-skor og ei regnbukse. Skal ein ha hund, må ein kunne tole alle typar vêr. Eg satsar på gilde fargar, sidan eg skal gå ein del i trafikken. Det er forresten ganske praktisk ute i naturen òg, spesielt i jaktsesongen.

4 kommentarer:

  1. Fine og praktiske kle.
    Elles synest eg det er merkeleg at små born sine kle er utstyrte med refleks medan så snart ein kjem i skulealder, er refleksstripene vekke.

    SvarSlett
    Svar
    1. No har eg gått tur og testa klede og skor. Særs nøgd så langt! Prisen samanlagt var 1100 kroner, så eg har gjort eit kupp.

      Slett
  2. Eg har alltid hevda at alt yttertøy bør ha refleks påsydd /ev. innvevd.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er mange gode grunnar til å ha det som standard, ja!

      Slett