tirsdag 1. april 2008

Aprilsnarr

For lærarar flest er vel ikkje første april akkurat favorittdagen. Personleg er eg motstandar av første april, og det har ei spesiell årsak: hamsteren Bertil. Eg narra Systa og sa at Bertil var død - noko som viste seg å vere tilfelle seinare på dagen. Eg var utrøysteleg. Same dag vart den første hunden min, Nadja, fødd. Dette er no 25 år sidan, men framleis tenkjer eg altså på desse to kjæledyra kvar første april.

8 kommentarer:

  1. Ja, eg tenkjer også på desse to dyra denne dagen. Hadde aldri trudd du skulle ta det så tungt då Bertil døde. Den døde hamsteren vart liggande på lit de parade på kjøkken-benken i fleire dagar før har vart gravlagd. Den dagen Nadja døde var ein tung dag for meg også,men det var 11 år seinare.

    SvarSlett
  2. Det var eg som narra deg! Slik hugsar og fortel eg historia. Ja, ja, han var ikkje akkurat frisk om morgonen for å seie det sånn. Eg var helst lite følsam når det galdt kjæledyra dine. Vi kunne no rippe opp i dei japanske dvergmysene? Hjartemasasjen og det heile?
    Ein sikker vinnar viss ein vil lure elevar: VAKSINE! Då koplar dei ut sunn fornuft....

    SvarSlett
  3. Eg er temmeleg sikker på at det var eg som narra - i ledtog med broren vår. det finst forresten døme på at elevane skriv stil om hamsteren sin.

    SvarSlett
  4. Kor mykje kan ein stole på historia? Uansett så lurte eg deg tilbake, trur eg.

    SvarSlett
  5. Skulle vel ikkje innrømt det no, men etter så mange år blir eg vel tilgitt? Det var eg som kom med den særs dårlege aprilspøken.Trur eg?

    SvarSlett
  6. Sånn kan det gå med minnet. Eg er framleis sikker på at det var eg som lurte Systa, men men. Nummer tre og eg var ute med hundane i kveldinga 1. april, og då såg vi fem hjortar på ei mark like ved vegen. Uheldig dato for eit slikt syn!

    SvarSlett
  7. Du kunne no risikert at du såg flygande pingvinar...
    Kom på den gongen Aksel krasja med flyet sitt i eit tre på skuleplassen
    1.april. Gjett om det var mange lærarar som trudde det då elevane kom inn og fortalde DET?
    Eg ser at det står 2.april på kommentaren din, så då MÅ det vere sant.

    SvarSlett
  8. de der om Bertil he mamma fortalt mej..

    SvarSlett