lørdag 5. april 2008

Bunad til konfimanten



Fredag etter jobb og skule reiste pappa, eldstejenta og eg til Solund. Kusina mi har fått i oppdrag å sy bunad til konfirmanten, som i likskap med meg kjenner seg som ein ekte sogning. I alle fall når det gjeld bunader. Det er ein del arbeid med prøving og måling, men resultatet ser ut til å bli svært bra. Og så var det eit hyggeleg påskot til å besøke slekta! Vi nyttar høvet til å takke for eit triveleg opphald, og så får vi takke vidare når bunaden blir heilt ferdig.

10 kommentarer:

  1. Bunaden blir sikkert kjempeflott! Eg er glad for at ho valde svart liv, for det likar eg best.Då mora og tanta fekk Sognebunadane sine, kan eg ikkje hugse anna enn at alle hadde lysegrønt liv.Elles synest eg det er litt trist at I. vil vere "sogning" når begge bestemødrene er nordfjordingar.

    SvarSlett
  2. Sogneblodet begynner å bli noko utvatna etter kvart, men så er det litt spesielt å få slekta til å sy, då. Besta har ikkje nordfjordbunad sjølv, så ho kan vel takke seg sjølv for noko av den manglande entusiasmen... :)

    SvarSlett
  3. Klart at det er stas å få slekta til å sy! Og Tone er veldig flink!Dessutan ER sognebunaden fin.Når eg aldri har hatt sansen for bunad, har det vel meir med meg enn med bunadane å gjere.For å seie det slik.
    Men I. har no meir Nordfjord-blod i årane enn Sogne-blod, viss det er noko som heiter det.Det var nok her dei såre kjenslene kom fram.

    SvarSlett
  4. Det som er fint med bunad, er når det det vert mange ulike! Dessutan har ein bestekle i mange år. Enig med mamma at det er fint med svart liv. Sogneblod? Eg har namn frå ein stad i Sogn som eg har tilknytning til. Det er eg glad for. Å byte etternamn har aldri vore aktuelt for meg. Nordfjordblod? Av ein eller annan grunn finn eg meg alltid venninner frå Nordfjord.Begge dei to faste turvenninnene mine er t.d. nordfjordingar.På lærarskulen heldt eg lag med ei nordfjordjente. Kanskje dei er litt meir avbalanserte enn sunnmøringane? Litt meir smålåtne? Kanskje det berre er tilfeldig?

    SvarSlett
  5. Gubben brukar å erte meg når eg kjem til Vadheim, for då får eg ei påtrengande kjensle av å vere sogning. Sunnmøringar er litt for opptekne av fjelltoppar etter min smak, for sjølv synest eg svabergøyane er det optimale terrenget.

    SvarSlett
  6. Sunnmøring blir eg aldri-sjølv etter over 40 år i Ørsta.Fjell er etter mi meining noko som skygger for sola.Då likar eg havet og svaberga betre. Har absolutt sansen for å vere frå ei bygd der dei har sirkuslinje på folkehøgskulen og der dei bygger opera!Litt slik herleg galskap altså.Besteveninnene mine(kollegaveninner) kjem frå Molde, Florø og Vestby i Akershus.Blanda drops altså.

    SvarSlett
  7. Interessant - fekk lyst å delta i diskusjonen. Då eg var konfirmant, var det berre eit fåtal av jentene som hadde bundad. Heime var det ikkje tema i heile tatt, truleg mest fordi det var anna å bruke pengane på. Jentene mine fekk seg nordfjordbunad, eg hadde nett spandert på meg sjølv, men "voks" snart ut av den, vart seinare omsydd til svigerdøtra. Når det gjeld sunnmøring, nordfjording og sogning, fekk eg lyst å nemne at du Olaug "berre" er 1/2 nordfjording, kanskje ein akershusbund (skedsmo) eller østfoldbunad (sarpsborg)kunne høve?
    Eidabesta.

    SvarSlett
  8. Ja, mange oss har no røter både her og der. Svein kjem nok til å finne ut meir etter kvart som han forskar.Men det er ikkje rart at ungane våre kjenner seg som sogningar; der har dei namnet frå, det var ein stad og ein gard..............

    SvarSlett
  9. Ungane våre har eit namn frå ein gard, frå ein stad - og dei BUR DER! Bunadsvalet kan sikkert eg ta noko av skulda for.

    SvarSlett
  10. No skal eg fortelje kvifor eg valde sognebunad :
    Eg ville ha noko som ikkje alle rundt meg hadde. Sunnmørsbunad ut. Alle på desse traktar har sunnmørsbunad, og sjølv om naboen syr, so datt valet på sognebunaden, fordi eg hadde alltid synest mamma sin var så fin. Så synst eg at det var fint at det var symbolisert "fjord og fjell" på sognebunaden. Tenkte på nordfjordbunad òg, berre så det er sagt, men eg synest sognebunaden fall beire i smak, og passa beire til slik eg er.

    Forresten, er det ganske morsomt å lese slike diskusjonar som dette :)

    SvarSlett