søndag 20. april 2008

Internasjonal dansedag



I dag var det å hive seg på hjul att; Eldstejenta skulle danse på framsyning i Ørsta, og nummer 3 ville vere med og sjå på storesystera. Nummer 2 vart att heime, for han skulle i selskap til ein kompis, og Nummer 4 vart passa av Besta og Besten - det var tredje gong vi var der denne veka, så no har dei nok fått overdose av oss. Ballettshowet var fantastisk flott, med innleigde dansarar frå Tsjekkia og dansande danselærarar i tillegg til dei eldste jazz- og klassiskdansarane og alle contemporarydansarane. Eldstejenta høyrde til i den tredje gruppa, og dei hadde eit nydeleg nummer i tredje akt. Idéen var samspelet mellom dei fire elementa i det gamle Hellas. Uheldigvis var jenta mi og venninnene hennar blant dei som skulle danse "Jord" i eit heller fargelaust og kjedeleg kostyme. Dansinga var derimot spektakulær!

2 kommentarer:

  1. Greier ikkje å lokalisere I. på det nedste bildet, og så lurer eg på om vi kjenner dei to veninnene på det øvste.Eg er så dårleg på å kjenne att folk.Gler meg til å sjå det store vårshowet litt seinare.Berre kjekt å ha dokke her-så kom att når det passar.

    SvarSlett
  2. Nabojenta i midten - ho andre er frå traumshamn og er eit år eldre. Ho viser ikkje på det nedste bildetet.

    SvarSlett