onsdag 23. april 2008

Wild boys



Gutar passar ikkje alltid inn. I skulen, til dømes, passar det betre å vere ei roleg, stille jente enn ein gut med maur i buksa. Noko som har engasjert meg i det siste, er akkurat dette; vi snakkar om tilpassa opplæring som om det berre har med nivå å gjere - og ikkje med rammene rundt. Kunne det ha vore ein idé å la borna springe rundt skulen eit par gongar før og etter timane? Skal normal guteåtferd forkastast som "ablegøyer" og definerast som eit problem for skulen?

På fridagen i dag var det nydeleg ver, og eg gjekk koseleg skogstur med dei to yngste og ein hund. Seinare gjekk eg tur med minstemann og hundane for å finne spor etter hjort i skogen (eg prøvde meg med litt innføring av floraen i fargar, men det var mislukka). Om ettermiddagen skulle eldsteguten spele fotballkamp, så då følgde eg han dit. Laget hans tapte med eit ukjent tal mål, men gutane fekk pest seg ein del. Vi mødrene vart ståande på sidelinja og diskutere gutane våre og deira oppleving av skuleverket, og dei andre bekrefta til fulle mine tankar om emnet.

Gutar treng aktivitet i langt større grad enn jenter, og gjerne ei meir utagerande form for aktivitet enn det jentene (og dei kvinnelege lærarane) set pris på. Sjølv har eg sett meg føre å drive litt motvekt framover, så no skal Gamla drive med utagerande åtferd så det susar etter. Berre så synd eg har høgdeskrekk og mislikar stor fart...

6 kommentarer:

  1. All mi erfaring frå skulen bekreftar det du skriv om gutar og jenter.Likevel har eg alltid likt gutane best, stort sett.Men har du tenkt over kor lite det skal til før ei jente blir stempla som uroleg eller rampete ? Dei aller fleste lærarar godtek at gutane er meir bråkete og ville enn jentene.

    SvarSlett
  2. Det er over 10 år sidan eg var lærar i barneskulen.. Den tida gjekk elevane til skulen,(nokre må ta buss) og gutane kom ålsveitte inn etter fotball i friminutta. I fritida var dei mykje ute. No trur eg skulen må legge opp til endå meir fysisk aktivitet. I tillegg konkurrerer ein med dataverda, både i mengd og "kvalitet". Vi slikt med slappe og trøytte elevar.

    SvarSlett
  3. Min eldste er tydelegvis ikkje slapp nok, og det gjeld for kompisane hans òg. Vi mødrene meiner skulen burde utnytte situasjonen i staden for å problematisere.

    SvarSlett
  4. Det blir ofte sagt at skulen høver betre for jenter enn for gutar. Det er kanskje derfor det er fleire jenter enn gutar som tek "høgare" utdanning etter kvart?
    Ein burde absolutt utnytte energien i gutane- kanskje drive eit lite kraftverk?
    Den dag kjem nok at dei legg seg på sofaen og sløvar-då er det gale også.
    Men det er ikkje så lett å vere lærar heller...............

    SvarSlett
  5. Nei, barneskulelærarane får nok pes om ikkje eg skal begynne å kritisere dei òg!

    SvarSlett
  6. Eg misunner dei ikkje jobben! Ein må ha tiltru til at dei ser kvar skoen trykkjer. I ungdomsskulen prøver vi å seie at der må fleire praktiske fag til. Å pøse på med fleire mattetimar, og tru at det automatisk fører til flinkare elevar, er ikkje rette vegen å gå.

    SvarSlett