mandag 2. juni 2008

Blomar på jobben


I dag var vi to 68-damer som fekk kvar sin orkidé i gåve frå kollegiet. Eg er svært glad i kvite blomar og orkidéar, så då er vel ein kvit orkidé perfekt? Då eg pakka den ut etter eg kom heim, la eg merke til den stilige blomsterpotta. Kjekt å få gåver - eg er ikkje heilt vaksen, kjenner eg.

Observante lesarar vil legge merke til ein halvklipt plen i bakgrunnen, eit skite vindu og eit tomt tørkestativ. Alt tyder på at eg skal prioritere hus og heim denne veka. Men skin sola, nektar eg å gå inne og vaske - berre så de veit det.

1 kommentar:

  1. Eg vart litt skuffa då den "gamle" orkideen som stod full av knoppar ikkje var kvit, men til forveksling lik den som stod og blomstra før.Kvite orkidear eg nydelige, men har var ikkje direkte stygg den gule eg fekk med deg heller.Den kvite duftranken eg fekk med Solveig har begynt å blomstre igjen!

    SvarSlett