mandag 23. juni 2008

Bursdagsmiddag på Joe's Diner




























Natt til bursdagen min kjørte vi til Morokulien camping, der det skulle vere norsk og svensk spesialutstilling i helga. Turen gjekk fint den, men vi var svoltne då vi kom fram. Vi fann ut at vi skulle stikke innom Charlottenberg og kjøpe litt mat, og enda opp på caféen "Joe's Diner", der bilete av Elvis og Marilyn lyste mot oss. På menyen stod köttbullar med lingon och potatismos, og eg kan love at det smakte fortreffeleg, sjølv om klokka ikkje var meir enn 11 om føremiddagen...

5 kommentarer:

  1. Bildet av I. og Marylyn treng ei forklaring. I. spelte nemleg rolla som M. i eit program på skuleavslutninga med slagerar frå "gamle dagar". Då song ho "Diamonds are a girl´s best friend". Kan hende dette står ein annan stad på bloggen, men eg fann det ikkje.

    SvarSlett
  2. åh, for ein herleg kafé!
    Gratulerer med overstått :)

    SvarSlett
  3. Minsteguten lurte på om vi "reiste" medan vi var på caféen - noko som minner om hotellet utanfor Dyreparken i Kristiansand, som ser ut som Noas Ark, der Nummer 2 etter første natta lurte på om vi var i Danmark no. Eg har sans for artig og gjennomført interiør. Og köttbullar.

    SvarSlett
  4. Det var ein gut på skulekjøkkenet som heldt på å le seg i hel, då eg fortalde at til og med svenske ungdommar kjøpte kjøttbullar på ferja til Åland, enda dei hadde pizza.

    SvarSlett
  5. For to år sidan kjøpte vi svenske kjøttbullar på Ikea. Det hadde eg bestemt på førehand! Vi kjøpte ingen ting på Ikea...
    Heime kjem vi aldri på det, ikkje falukorv heller.
    I fjor serverte eg pizza på geburtsdagen min. Det gjekk mykje i sånn rull'n'ut pizzabotn.
    1/2 pris av norsk, og så er det svenske kroner.
    Som vi seier i Sverige.

    SvarSlett