tirsdag 24. juni 2008

"De beste blant oss" av Helene Uri


Årets attande bok var ein presang eg fekk av to gode kollegaer til bursdagsfesten min. Helene Uri er ei skarp dame som eg ikkje hadde lese noko av før, men som eg ofte har tenkt eg skulle ha lese noko av (er det ikkje ofte sånn?). "De beste blant oss" er ei satirisk framstilling av forskarmiljøet ved universitetet i Oslo, som eg ikkje kjenner så godt til, men som ein likevel kan førestille seg. Sjølv om slutten var relativt opplagd, har eg mora meg veldig med denne boka undervegs. Den seier blant anna ein del om korleis kvinner framleis blir vurderte ut frå utsjånad og åtferd, og korleis primitive krefter rår også i høgintellektuelle miljø. Absolutt ei bok ein bør lese, så: takk for gåva!

4 kommentarer:

  1. Høyrest litt forfriskande ut. Står der noko om KVEN som vurderer kvinnene slik? Er det BERRE menn eller....?

    SvarSlett
  2. Den som les, får sjå. Du skal få låne den viss du vil.

    SvarSlett
  3. Øyretelefonane-eller kva det no heiter-låg att. Som du veit skal eg til Volda på fredag.Eg kan ta dei med då viss det er nokon vits i det. Skal vere hos Rune 16.15.

    SvarSlett
  4. Eg skal på shopping etter frisøren i morgon, så eg kan smette oppom. Gløymde å gi Solveig grautbolle + kakefat som eg hadde med i bilen. KOKO

    SvarSlett