fredag 27. juni 2008

Feriestemning



I dag har vi hatt fullt opp å gjere:
1. Klippe kantar(Gamla)
2. Klippe plen (Nummer 2)
3. Rake (Nummer 2)
4. Vaske ned soverom (Nummer 1)
5. Luke bed (Nummer 2 og Gamla)
6. Vaske og brette klede (Gamla)
7. Rydde hus (Gamla)
8. Fikse varmtvatnet i campingvogna (farfar og T)
9. Sykle med Bau (Gamla)
No skal eg koke slåttegraut før vi held fram med jobben... (og det blir pakkevarianten)

8 kommentarer:

  1. Alle mann/damer i arbeid! Det er nokre som er gode på organisering, og får ting gjort...
    Ha ein riktig fin sommar!

    SvarSlett
  2. Vi har også styrt på i heile dag. No har vi pause. Øystein joggar og eg bloggar :)

    SvarSlett
  3. Synest det ser ut som om Gamla er overrepresentert! Er det tilfeldig eller?Håper de får ein fin ferie!
    Det fortener de og treng det.

    SvarSlett
  4. Legg også merke til at Nummer 3 ikkje er representert i det heile.

    SvarSlett
  5. La merke til det, ja, og heller ikkje nr.4. Trudde det hadde noko med alder å gjere?
    Nr. 1 ser ut som ho er nøgd med dagsverket sitt!

    SvarSlett
  6. Nummer 4 hadde sin siste dag i barnehagen. Gubben kom, åt og forsvann ut for å slå marka. No (23.00) høyrest det ut som om han held på å avslutte... Sjølv tok eg meg ein laaang tur i skogen med hundane medan ungane bygde duplotogbane i kjellaren og vaska ferdig romma sine. Legg merke til Marilynbiletet som vi kjøpte på Skeidar i går!

    SvarSlett
  7. Såg bildet, men visste ikkje at det var heilt nytt.Ho har vel eit litt spesielt forhold til Marilyn no? Tenkjer av og til på desse som har døydd unge og blitt ei legende for all tid: James Dean, Elvis, Marilyn......dei vil alltid bli hugsa som unge og vakre. (Ja, Elvis var no begynt å tape seg, men dog.........)

    SvarSlett
  8. No synest eg ikkje Marilyn er eit drømme-førebilete for unge jenter, men myteomspunnen er ho i alle fall.

    SvarSlett