onsdag 11. juni 2008

Fridag igjen (eller i alle fall ei fristund)


Pøsregnet held fram - merkeleg kor fort vi gløymde at dag etter dag med regn er typisk for årstida (denne òg). I dag hade eg tre born heime, og dei leika seg så fint inne at eg ikkje hadde hjarte til å jage dei ut før hundane måtte få ein tur før kampen. Nummer 2 skulle nemleg spele kamp i kveld, og nummer 1 var i Volda på trening. Vi møtte henne då vi kom til Folkestad, og så var vi tilskodarar til det audmjukande tapet mot Åheim. To timar med frisk luft og mosjon, seier no eg. Og så var det å reise heim, dusje alle mann, lage kveldsmat (nysteikte baguettar og varm sjokomjølk) og lese/synge på senga. Og så er klokka plutseleg 23.15, og eg unner meg ei lita stund med Shakespeare på dvd (uaktuelt å sjå filma teater med gubben i hus, tenkjer eg). Produksjonen er med Ian McKellen og Judi Dench, og den er fantastisk nær opp til teksten og nesten utan effektar. No er eg omtrent halvvegs, og det blir litt langdrygt med 145 minutt. Heksene er absolutt eit høgdepunkt.

Gubben ringde frå Oslo; midt i samtalen såg eg datoen på dataen og hugsa plutseleg at det er trulovingsdagen vår (21 år!). Eg kunne ha lata som om eg var fornærma på han som ikkje hugsa det, men det var kanskje litt for svikefullt (hallo; ein er ikkje Macbeth heller!).

6 kommentarer:

  1. Forstår at du er i Shakespeare-modus om kveldane. Godt du ikkje er mørkredd! Vi la opp Macbeth på gymnas, men eg måtte lese boka på norsk i tillegg for å forstå kva den handla om.Enno hugsar eg korleis den begynte.
    (Enter three witches): When shall we three meet again? In thunder lightning or in rain?......osb.(Eg kan meir!)

    SvarSlett
  2. Mørkeredd har eg aldri vore - ikkje som eg kan hugse, i alle fall. Gav meg på Macbeth i går, men mest fordi det vart for stilleståande. Shakespeare og Ibsen blei tidlegare ofte spelt så pompøst at det grensa mot det parodiske, men samtidig er det spennande å sjå ei framsyning der heile teksten er med og nesten ingenting er modernisert (kleda er noko modernisert, men det skulle berre mangle).

    SvarSlett
  3. Det er eg som har vore mørkredd, husredd og ikkje minst skogredd. Dei to første har eg vakse av meg.
    Granskogar derimot...

    SvarSlett
  4. Og eg har hødeskrekk! Hugsar eg vart litt sur då AO, ein gammal kollega, brukte utsegnet mitt:-Høgdeskrekk i Danmark-som overskrift i Møre-Nytt. Han hadde også vore på Møns klint.
    I dag fekk eg også eit snev av strømpebuksefobi!
    (Hadde kledd meg varmt p.g.a.gikta)

    SvarSlett
  5. Eg er òg redd for høgder, men det er no mogleg å unngå. Hus og mørke er litt verre. Før var eg livande redd for edderkoppar og langføttingar, men det bestemte eg meg for å kome over då eg fekk ungar. Det gjekk bra.

    SvarSlett