søndag 15. juni 2008

Gårsdagens store happening



I går var Gubben og eg i kalas. Festen hadde fått tittelen "Føling i fjæra", og opplegget var suverent: fiskesuppe i naustet, delvis medbragte kaker, tre kassegitarar og MYKJE song, latter og skråling. Gubben og eg var dei siste som gjekk av dei som ikkje skulle overnatte, og då var klokka halv fem. Vi fekk med andre ord med oss både soloppgang og solnedgang, og regnet gav seg før festen begynte. Biletet syner mannen til jubilanten som held tale for si strålande kone. "Dette må vi gjere oftare", sa eg til naboen då eg gav han ein avskilsklem. I dag lurte han på om det var festen eller klemminga eg hadde sikta til...

3 kommentarer:

  1. Såg trivelig ut, men kanskje vel luftig? Det er fælt kor de feirar i festar der inne på bondelandet!Men NO blir det vel ein pause?

    SvarSlett
  2. Tja... Heretter blir det meir selskap enn fest, tenkjer eg. Tenkte eg skulle ha ei samling her i sommar, men vi får snakkast om det. Hadde vore kjekt å samle alle.

    SvarSlett
  3. Eg også har prøvd på å få bilete oppe med overskrifta..

    SvarSlett