mandag 23. juni 2008

Hundeutstilling på Morokulien



Galskap er eit viktig element i kvardagen - i alle fall plar Gubben og eg å trøyste oss med at vi har så seriøse jobbar at vi må avreagere med noko heilt anna i fritida. Hundane er vår felles hobby nummer ein, og eldstejenta (Nummer 1) har begynt å bli svært flink som handlar (det er vanskelegare enn det ser ut å gå rundt i ring og få ein hund til å sjå pen ut). Helga baud ikkje på dei heilt store premiane, men begge hundane gjekk ut med raude sløyfer og æra i behald. Bianca stilte for første gong i championklassa, og ho fekk ein CK (rosa rosett), noko vi er spesielt fornøgde med. Vi er stolte både av hundane og femtenåringen vår, som vi gjerne skulle ha sett ein rosett på. Sjølv debuterte eg som ringsekretær med ansvar for å skrive kritikk (på engelsk) til 17 kvelpar. Endeleg kom mellomfaget mitt verkeleg til sin rett!

2 kommentarer:

  1. Eg forstår meg ikkje så mykje på rosettane. Er det eit kvalitetsstempel i forhold til avl?
    Kanskje de skal legge ut eit lite grunnkurs?
    Dei kan no vere glade for hjelp i engelsk! Det kan ikkje vere heilt lett med nyansar i språket og faguttrykk!

    SvarSlett
  2. Rosa rosett betyr "champion kvalitet". Bianca er allereie norsk utstillingschampion, så no konkurrerer ho mot dei finaste tispene i Noreg og Sverige. I den samanhengen blir ho ein lettvektar. Bau gjekk ut med raude sløyfer, som betyr at han er fin og snill, men ikkje så fin at han konkurrerer mot dei aller finaste. Det var flest svenskar som vann; ikkje så rart sidan rasen er mykje meir utbreidd i Sverige enn i Noreg. Engelsken min kom vel med, ja, men så hadde eg ei gloseliste over hundeanatomi. DET hadde eg aldri på pensum, nemleg.

    SvarSlett