torsdag 26. juni 2008

Klippe klippe klippe klippe


Ungane og eg var til frisør i Volda i dag (berre dei tre yngste klipte seg), og jammen vart det tid til ei handlerunde i Ørsta òg! Under påskot av å levere og hente diverse attgløymer frå i går besøkte vi Besta og Besten og åt middagen deira. Vel heime har Nummer 2 klipt to plenar, eg har tusla litt rundt i hagen, Nummer 3 har raka litt og Nummer 1 har rydda rommet sitt. I tillegg har vi hatt gardsdrengen farfar her til å slå med slåmaskin. No kom det regn att, men alle plenar er klipte! I bilen høyrer vi "Putti Plutti Pott", og med kjøring rundt Austefjorden i tillegg til anna kjøring blir det til at songane klistrar seg på hjernen. Rett som det er går ein av oss og syng på ein av dei evig periodevis aktuelle songane.

4 kommentarer:

  1. Vil berre gjere merksam på at de IKKJE åt middagen vår. Til middag hadde vi kjøttkaker i brun saus. Der var rikelig att frå i går.
    Elles kan eg no bemerke at alle var fine på håret. Amanda var den som var mest forandra. No går det ei stund før ho kan flette håret igjen.

    SvarSlett
  2. Vi hadde ein avtale om at ho skulle få klippe seg kort etter ballettsesongen/før den nye ballettsesongen. Praktiske campingsveisar på alle mann.

    SvarSlett
  3. Amanda var kjempefin! Gutane også sjølvsagt. Eg må ha vore i "rette" alderen då Putti PP gjekk på TV i si tid. Får fnatt enno av "Vi hakke tid..."

    SvarSlett
  4. Eg hugsar berre at "onkel Per" Asplin var ekkel, og så lurer eg på om det var dottera hans som var med i Skomakergata med lange, raude fletter? Litt sånn hyperblid ho òg? Elles så fann vi ei Daimiskake i frysen i dag: "ikke en dag uten"...

    SvarSlett