mandag 16. juni 2008

Munnleg tortur

I løpet av dei fem åra eg har arbeidd ved skulen har eg hatt fem klasser i norsk på Allmennfagleg Påbygging (10 timar i veka). Kvart av desse åra har eg fått opp ei gruppe elevar i munnleg, med vekslande hell. Både i fjor og i år har eg vore skuffa over resultata. I kveld var vi ferdige 21.10, og då var eg mergandes trøytt og himla sliten. Eit par av elevane gjorde det mykje dårlegare enn til standpunkt, og det er alltid trist. To gjekk opp ein karakter, og det er sjølvsagt kjekt. Eg håpar berre at resultatet ikkje hindrar dei i dei vidare planane deira, eller i å nyte den velfortente ferien.

5 kommentarer:

  1. Det var intens arbeid å vere sensor, men bagatellar i forhold til eksaminator. Eg gav vel 3 i snitt utan at nokon gjekk ned.
    Nokre vert skuffa, og andre glade.
    I dag gav eg 60 elevar standpunktkarakter.
    Eg lærte noko av tysklæraren min på gymnaset. Hald dei nede gjennom skuleåret, slik at karakteren kjem som ei positiv "overrasking". Eg meiner at karakterar aldri skal kome overraskande sånn sett, men nokre kan ta litt hardare i på slutten.
    s

    SvarSlett
  2. Nokre kan det gå andre vegen med også - spesielt russar, kanskje. Eg har gitt standpunktkarakterar som avspeglar aktivitet og resultat heile andre termin, men i følgje kunnskapsløftet skal vi måle sluttkompetansen. Det gjeld ikkje før neste år.

    SvarSlett
  3. Vi hadde ein lærar som gav oss utruleg dårlege karakterar gjennom to år. Klart at alle gikk opp til eksamen, men vi hadde nok arbeidd meir og med meir lyst om vi hadde fått litt oppmuntring undervegs.Elles må vel elevane lære å ta ansvar for sitt eige arbeid, men ein vil dei godt!

    SvarSlett
  4. Trist når flinke elevar begynner å gråte og ikkje greier å svare på dei enklaste spørsmål. Andre kan vere så rolege at dei greier å sjarmere seg ut frå situasjonen!

    SvarSlett
  5. Men dei får vel standpunkt-karakterar i tillegg? Det gjorde ikkje vi. Og eg var vel av den typen som ikkje hadde heilt kontroll på eksamensnervane.Men eksamen vert aldri heilt "rettferdig". Eg hugsar noko som pedlæraren vår på lærarskulen sa: Måten ein taklar eksamen på, seier også mykje om personen.

    SvarSlett