fredag 6. juni 2008

Shopaholic and Sister


Heime att frå fjellturen tok eg meg tid til å lese ut denne fjerde "Shopaholic"-boka. Eg er framleis like hekta, og har lese på senga, på ferja og altså ute i sola. Det er imponerande korleis forfattaren fangar ein inn i dei trivielle problemstillingane, sjølv om det heile sjølvsagt er forutsigbart, syltynt og sikkert heilt forkasteleg. No har eg berre ei bok att i serien, og eg er redd eg kjem til å sakne Becky...

3 kommentarer:

  1. Apropos sister, så kjem Solveig+tre ungar innover i morgon. Viss de også skulle få lyst på ein bytur, er det berre å kome.
    Eller kanskje de helst ville kose dykk heime i solskinnet?

    SvarSlett
  2. Det er berre eg og dei to yngste som er heime, og vi bør halde oss heime! Eg vakna nedesylta av forkjøling i dag, så det blir vel lite gjort.

    SvarSlett