onsdag 4. juni 2008

Shopaholic Ties The Knot


I går las eg ferdig denne tredje boka om Rebecca Bloomwood, som denne gongen skal gifte seg og må velje mellom eit drøymebryllaup på Plaza i New York og eit tradisjonelt bryllaup heime i hagen til foreldra (drøymebryllaupet til mora). Syltynt? Javel, men likevel spennande. Becky er håplaus, men sjarmerande, og eg er allereie i full gang med den neste boka i serien.

5 kommentarer:

  1. Så lenge du les på engelsk, må det no vere greitt med underhaldningslitteratur. Sjekk den høgverdige litteraturen eg har gjeve meg i kast med. Heilt (eller nesten) konge!

    SvarSlett
  2. Trur du desse bøkene er lette nok for meg? På engelsk altså MED ordliste?

    SvarSlett
  3. Eg har anbefalt bøkene til elevar som vil lese lette bøker. No skal dei på utlåni kollegiet, men så kan du no prøve! Det første ein må venje seg til når ein skal lese romanar på engelsk, er at ein ikkje forstår alle ord som står der. Ein treng ikkje forstå alt for å få med handlinga. Eg synest det er kjekt å få ei oppdatering i typisk munnleg, moderne sjargong.

    SvarSlett
  4. Typisk moderne munnleg sjargong er det som eg aldri har lært!Men LITT har eg plukka opp undervegs i livet.

    SvarSlett
  5. Den type språk plukkar ein lettast opp ved å snakke med innfødde, reknar eg med, men noko lærer ein gjennom TV òg.

    SvarSlett