torsdag 30. juli 2009

Nytt turmål: Sulvassdalen















Det er ikkje så ofte heile familien er samla på tur lenger, men i dag la vi i veg i samla flokk til Heida og Sulvassdalen. Det pøste ned då vi kom til Lisjedalen, så vi måtte vente litt med å gå. Vi hadde dessutan ein del problem med å finne råsa. Men det vart både bading, fisking og grilling - og til og med litt sol på veg heim.

7 kommentarer:

  1. Dokke må no vere den mest ideelle familie i landet, turglade,oppfinnsame og i det heile tatt..........
    Kanskje dokke kan få ein pris eller noko sånt?
    Misunner alle dei fine turane, og angrar på alle turane eg ikkje har gått!
    I dag køyrde vi Olaug heim, og pappa var seinare ute og fiska med dei to eldste, så no treng han visst ei pause? Men han er sikkert snart mottakelig for fleire småfiskarar.

    SvarSlett
  2. No vel ein sjølv kva ein vil blogge om, og dermed blir inntrykket noko idyllisert...

    SvarSlett
  3. Det kan også vere ein måte å lære seg å fokusere på det positive i livet-eller?
    NB:Førre innlegget mitt var ikkje meint ironisk. Ikkje på nokon måte!

    SvarSlett
  4. Nei, eg lurte litt på det :)

    SvarSlett
  5. Det var ein kjempeflott tur, sjølv om eg motvillig må innrømme at det var gamla som fann råsa tl Sulvatnet til slutt. Det kunne fort enda i ei tindebestigning

    SvarSlett
  6. Hei og takk det same! Laerarar he jammen god hukommelse, trur ikkje eg hadde hugsa elevar fraa 13 aar tilbake ;) Laerarane derimot er lett aa hugse, iallefall dei gode!
    Varm helsing fraa Slovenia
    Metka

    SvarSlett
  7. Koseleg å høyre frå deg, Metka! Og no er det vel slik med lærarar at dei hugsar mange elevar - spesielt dei kjekke og flinke :)

    SvarSlett