Ein hyggeleg tradisjon i bygda er å samlast til juleverkstad i kyrkja ei laurdag i adventstida. Ungane fekk lage mykje fint, og på kjøkenet vart det baka verdas beste lussekattar til glede for born og foreldre. Ikkje alle i barneflokken min er like ivrige etter å drive på med formingsaktivitetar, men det er ikkje produkta som tel. Reint bortsett frå at eg fekk eit nytt sortiment med kjøleskåpsmagnetar; akkurat det eg ønska meg.
Kjekt tiltak som samlar folk i bygda. Litt formingsaktivitetar klarer alle å vere med på.
SvarSlettEg har laaaang erfaring med juleverkstad, men var helst på kjøkkenet og kjevla peparkaker.
Nokre av foreldra, eg nemner ikkje namn, sat nær lussekattane og kaffikannene...
SvarSlett