torsdag 8. desember 2011

Bok 86 2011: "Hjerterått" av Chelsea Cain

Tredje boka i serien om Beauty Killer Gretchen Lowell er meir makaber enn spennande. Det har oppstått ein heil kult omkring massemordaren, og lik vert funne på tidlegare åstadar for mord i hennar "karriere". Archie og Susan er attende i kjend stil, og boka er ganske underhaldande. I ei bokmelding på Aschehoug skriv dei at boka saman med den fjerde i serien "bekrefter Cain sin evne til å skrive besettende historier og holde leseren i åndeløs spenning". Eg er ikkje fullt så begeistra, og eg har pusta roleg gjennom heile lesinga.

2 kommentarer:

  1. Vi er forherda, både du og eg. Men eg likar dei litt makabre historiene. Har lese denne boka, men ikkje nummer fire. Når eg skal prøve å hugse bøker lenge etter at eg har lese dei, ser eg berre bilde. Her ser eg berre MØRKE bilde-kanskje det er ei heilt anna bok eg ser?
    Forresten likar eg Mo Hyder betre.Ho er enda meir "makaber".

    SvarSlett
  2. Var litt for snar å kommentere, men no har eg sjekka opp bloggen min.Den boka eg tenkte på var bok nr. 4 som heiter Mørketid-ikkje rart eg fekk mørke bilde!
    Det er bok nr.2 eg IKKJE har lese. Hjerterått var eg ikkje spesielt begeistra for, eg las den så langt tilbake som i 2010. Det eg MANGE krimbøker sidan.

    SvarSlett