torsdag 29. desember 2011

5. juledag: mykje lys, noko varme - og meir oppvask




Dei to små og eg gjekk ein runde på garden og fotograferte før vi tok med oss hundane i skogsvegen. Der var ein del knekte tre, men ikkje så ille som mange andre stader.

Vi fekk endeleg gladmeldinga om at straumen var komen att i heimen vår, og vi reiste heim med godt mot. Varmepumpa hadde slått seg av fordi ein sikring var gåen, men ein panelomn i stova varma litt. Vaskemaskina og komfyren kom fort i bruk, men så viste det seg at også i dette huset var oppvaskmaskina gåen. Og her var lite varmevat, så eg måtte til å koke vatn både til vask og skylling. Oppvaskmaskina hadde vore under oppfylling i ei veke, så det vart ein del å vaske. Så heldt eg varmen på hendene medan huset vart gradvis varmare.

Eg sette meg til med facebook og denslags etter oppvasken, men brått vart datamaskina mørklagd. No sit eg her og skriv på maskina til ungane, og så håpar eg på å få fiksa minst ei av maskinene i morgon. Eg trur eg heller vil vaske opp for hand enn å vere utan dataen min, men det er neppe opp til meg å velje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar