fredag 2. desember 2011

2. desember: juledisco

Etter ein aktiv dag på jobb var eg eigentleg klar for ein roleg kveld i heimen. Ungane, derimot, har fullt program for heile helga, og Gamla stiller sjølvsagt som Taxi-sjåfør. Storegut for på bandøving og overnattingsbesøk etter skulen, og Veslejenta er på disco. Minstemann regjerer på loftet, medan eg bruker kvelden til rydding og tv-sjåing.

Eg fekk inn ein bunke i dag, men den ligg førebels trygt i sekken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar