onsdag 7. desember 2011

7. desember: White Christmas?


Eg treng ikkje snø julaftan. Då er programmet så spikra at vêret er heilt sekundært, og moking nærast uaktuelt. No i mørkaste tida er snømoking før ein fær på jobb lite attraktivt, så eg er nøgd når det er mildt ute. Men når ein har ein fridag som i dag, og Minstemann skulle på besøk til ein kompis, var det flott å gå seg ein tur med utsikt over snødekte fjell.

Dagen elles har gått med til å fullføre vurderinga av første bunke i advent - det er eg svært nøgd med.

1 kommentar:

  1. Det har vore ein fin og lys dag i dag, og det hadde godt gått an å fare på sparktur-om ein ikkje hadde ANNA å gjere.No er det juleferie i pensjonistlaget.
    Artig å sjå Vallahornet på bildet ditt.

    SvarSlett