mandag 5. desember 2011

5. desember: Love Thy Neighbour

Dagen min begynte då eg i gryotta vakna av at store mengder snø rasa av taket. Eg frykta at eg måtte ut og moke litt seinare i otta, men det kom regn ned i snøen og forvandla den til seigt slaps. Det gjekk fint å kome seg ned på vegen, men i løpet av jobbdagen høyrde eg fleire historier om folk som hadde hatt problem i lokaltrafikken, og at det snart vil fryse på. Eg gjekk såleis ut frå at det vart skraping av tun som ettermiddagsaktivitet.

Vel heime vart eg møtt av synet av eit nyfresa tun. Naboen min har snøfresar, og han synest det går for det same å svippe seg bort vegen "min" òg.

Slik gjekk det til at eg fekk vie meg til rettingsarbeidet i kveld òg, i tillegg til at eg gjekk meg ein tur i hagl og vind. Eg er uendeleg takksam for det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar